Fleire nye medlemar
Todalen.no får stadig nye medlemar. 6 juledag hadde dei to styrmedlemane stand i Kaffekroken på ICA Todalen, der dei serverte kaffe og sjokoladekake til folk som stakk innom. I løpet av eit par føremiddagstimar var det eit 50-tal innom og fikk seg isskrape og pennar med «Todalen.no»-reklame på, og det resulterte i eit 10-tal nye medlemar. Det personlege medlemskapet er eit støttemedlemskap, og det er ligg ikkje nokon risk for å få noko tillitsverv i det. Altså er det ei rein støtte til drift av nettstaden Todalen.no!
Les heile saka