Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fleire nye medlemar

Fleire nye medlemar

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2011

Todalen.no får stadig nye medlemar. 6 juledag hadde dei to styrmedlemane stand i Kaffekroken på ICA Todalen, der dei serverte kaffe og sjokoladekake til folk som stakk innom. I løpet av eit par føremiddagstimar var det eit 50-tal innom og fikk seg isskrape og pennar med «Todalen.no»-reklame på, og det resulterte i eit 10-tal nye medlemar. Det personlege medlemskapet er eit støttemedlemskap, og det er ligg ikkje nokon risk for å få noko tillitsverv i det. Altså er det ei rein støtte til drift av nettstaden Todalen.no!

Vil du støtte oss med eit medlemskap, så kan du klikke her, så kjem du til ei side der du kan lese meir om medlemsskapet og korleis du kan melde deg på. Du rekk enno å få med deg medlemskap i heile 2012!

Mari hadde med kamera, og har foreviga nokre av dei som var innom for å få ein forsenka 10-kaffe og nybaka sjokoladekake.

Publisert: 30. desember 2011, 19:00