Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
1.framsyning ferdig: God sort!

1.framsyning ferdig: God sort!

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2011

Første framsyninga av «Todale’n ka no?» er ferdig, og eit femtitals publikummarar lika det dei såg. Framsyninga tok knappe 1  1/2 time, og den ga full valuta for pengane for eit begeistra publikum. Det var godt og variert program og aktørane gjorde ein fin innsats på scena.  No er det snart klart for hovudframsyninga som startar kl 20.00. Da er det i tillegg salg av eksotiske matrettar, der sjefskokk Elinor bolme har både kjøtt og fiskerettar å by på. Eller kanskje du berre vil ha en enkel rett med bakt potet og godt tilbehør? Valget er ditt!

På siste framsyninga er det også salg av øl og vin for den som ønskjer det.  Festsjef Bjørn Hauglann fortel at det enno er ledig billettar til hovudframsyninga kl 20, og han lovar at alle skal få plass. Dersom du ikkje har billett så får du kjøpt billett ved inngangen, seier han til Todalen.no. Godt er det også at det er betre vêrmelding til kvelden. Da stilnar vinden og vi er foreløpig ferdig med nedbøren for denne gongen. Bon appetit!

Publisert: 27. desember 2011, 18:05