Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stinn brakke med «Todal’n ka no?»

Stinn brakke med «Todal’n ka no?»

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. desember 2011

Det var knytta stor spenning til årets julekabaret. Uværet og straumbrotet tidlegare i jula hadde laga mange forviklingar for både underhaldningsgjengen og festarrangørane, og heile generalprøven 2. juledag gikk i vasken. Men seint om kvelden 2. juledag kom straumen att, og det oppsette programmet kunne kjørast. Første framsyninga på ettermiddagen var «ny» generalprøve og hovudframsyninga om kvelden kunne gå som planlagt.  For fullsett sal i Todalen undomshus kunne Borghild Talgø og Lars Sæther ønskje publikum velkomne til julekabareten «Todal’n ka no?».

God kontakt med publikum vart oppretta frå føste stund, og Nils Ove Bruset og Lars Sæther kunne lose oss gjennom ein lun underhaldningskveld, der dei knytte programmet saman med prat om laust og fast. Gudmund Husby vart først på programmet med helsing frå Jostu i «Kortbrokland».  Vidare fikk vi eit ungdommeleg skråblikk på det som har skjedd i Todalen det siste året, med både store og små hendingar som ikkje alle var kjent.

Nils Ove hadde vidare eit innslag som «overneger» Nils Nigeria, der han viste at det er lett å misforstå og bytte betydninga av ord og uttrykk, før Jørgen Hals tok oss med på amerikansk julsong med sin gitar.  Nils Ove fortsette med ny direktesendt serie på Todalen.no-TV, der han intervjua tyskeren Werner von Hölle. Hölle var berggynekolog og hadde oppdaga sprekka i Mjølbøra, der ur-todalingen hadde oppheldt seg. Dermed fekk han ideen om å lage ferjetunnel frå Todalsfjorden til Sunndalsfjorden i standen for å bygge bru. Han mente at det ville løyse problema for mange!

Etter ein kort pause kom Eirik Husby på scena med gitaren sin. Han bor i Oslo og tjener til livets opphald der, men det er song og musikk som ligg hjarta nerast, sa han. Han tok to av sine glansnummer «Come with me» og «East end angle» som han både har skrevet tekst og musikk til sjølv, og publikum kvitterte med stormande applaus. Vidar gjorde Håvard Halset og Marte Talgø eit artig nummer ut av sin skjets frå doktorkontoret. Den viste kor vanskeleg det kan være med språklege forviklingar på doktorkontoret, men dei fikk god hjelp frå «dialektordboka».

I fortsettinga var det midnattsmesse med nypresten i Nils Egeness skikkelse. Han tok i sin preken opp spørsmålet om det var naudsynt å ha slik hast med å kome over på andre sia, og hadde nok der både bru og tunnelldebatten i bakhaudet. Han preka mellom anna om «håpet bro», som stig opp mot himmelen og daler ned på andre sia.  Med «Vårres jul» starta Eirik Husby og Jørgen Hals det kulturelle samarbeidet frå scenekanten. Det er den kjente og alternative julesongen, der Hans Rotmo har skrive teksta og Henning Sommero står for musikken.

Siste post på programmet var framhaldssoga om todalingen. Nils Ove Bruset tok oss med attende i tida, og kunne bevise at todalingen egentleg har sitt utspring frå Averøya, og at vi alle av Pekall-ætt. Han skildra på ein artig måte korleis dei første jegarane fulgte etter iskanten innover, og hadde mange artige moment som kunne dokumentere med utgravingar frå den første tida med todalingar.

Programmet runda av med avslutningssong, men før det vart det gjeve honnør til kjøkken- og serveringsperonalet, med Elinor Bolme i spissen. Dei hadde servert flotte og  eksotiske rettar med både fisk og kjøtt på sin meny. Det sette publikum stor pris på og dei fikk skikkelg applaus for innsatsen. Som ekstranummer til kveldens program hadde Jørgen Hals og Tone Rose Gjøvik en flott og stilfull danseoppvisning for publikum, og etterpå var det høve til ein svingom til musikk frå rindalsorkesteret «Freds trio».

I det heiletatt ein triveleg og fornøyeleg kveld, med både god underhaldning og god mat. Festa forsette etterpå ut i dei små timane, men da var kamera var slått av!  Takk til alle involverte både på kjøken og scene for ein fin og  triveleg 3.-dagskveld!

Nedafor finn du ein fotokavalkade med heile 28 bilder frå fra julekabareten «Todal’n ka no?».   Alle foto: DRIVA/Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. desember 2011, 12:41