Ynglande jerv i Todalen
Det har vore hevda at Trollheimen no skal være fri for ynglande jerv, etter at det var skote ei jervtispe og to ungar i området Gjevilvassdalen/Storlidalen forrige onsdag. Men sist måndag vart det oppdaga eit jervhi til innafor Surnadal kommune. Saksbehandlar Marit Gystøl bekreftar at dette jervhiet ligg i Todalen, skriv Tidens Krav torsdag. Ettersom jervane no har forlate hiet og det er lite snø att vil det ikkje bli sett igang jakt etter dei no i år.
Les heile saka