Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg på plass!

Endeleg på plass!

Jon Olav Ørsal Sundag 9. september 2012

Fredag vart den nye gravemaskina til Per E. Gjeldnes Maskin levert. Det er ein Volvo EW 140D, som er ein topp moderne hjulgravar. Den er levert med med roterande rototilt, som sammen med klype blir eit ypperleg utstyr for legging av steinmurar. Per Gjeldnes driv entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin saman med sonen Arne, og laurdag var dei i full aktivitet med montering av utstyr, og prøvekjøring ved verkstaden attmed Bordholmen.

Dei gler seg no til å ta i bruk den nye maskina, som er ei hjulgåande gravemaskin som kjem til å gjera det enklare å flytte mellom oppdraga da kan kjøres i opp til 35 km/t under flytting. Hjulgravaren er ein heilt nyutvikla modell frå Volvo, som har ein stillegåande dieselmoter og godt utstyrt førarkabin som gir høg arbeidskomfort for føraren. Komplett med rototilt, skuffe og klar til bruk kjem nok kjøpesummen rundt 1,7 mill. medrekna merverdigavgifta.

 

Først publisert: 9. september 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 8. september 2012, 18:20