Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til Roparen

Stavgang til Roparen

Vidar Sogge Fredag 7. september 2012

Stavganggruppa i pensjonistlaget la torsdag 6. september turen til alpinsenteret i Sæterlia. Lisbet Ranes og Tor Mogstad stilte som lokalkjende turleiarar der dei opplyste om namn og fortalde historier på turen. Først gjekk vi til Tømmerhaugen, det nye bustadfeltet straks nedfor alpinsenteret. Etterpå losa Lisbet oss til Ropar´n, ein plass rett opp for Trudvang med utsikt over det meste av nerbygda.

Etter ein lengre pause på Ropar´n fortsette ein del oppover mot Spikvegen. Her kunne vi sjå opp mot Vetta, ein signalplass for å varsle at det hadde kome fiendar til bygda. Same namnet finn vi att i Vettahamrane/Vettavatnet opp for Honnstad. Turen vart avslutta med matpause i varmestua til alpinsenteret, der Fredrik Sjøflot underheldt med blokkfløytemusikk og Gunnhild og Tor Mogstad fortalde historier.

Her finn du mange bilde frå turen til Roparen.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 7. september 2012, 18:24