Kortreist og fersk leveranse
Frikk liker godt å fiske, og prøver fiskbettet rett som det er. Helst blir det i sjøen, der han fiskar både frå båt og frå land, men i vinter har det vore krontid med sjøis heile vinteren. Han fortel at det er lett å kome utpå isen i småbåthamna, og den største utfordringa er nok å få hol på isen. Sprengkulde i månadsvis har gjort at isen er både hard og tjukk, og det tek nok tid å kome gjennom nærare 40 cm sjøis. Men ofte kan ein nytta gamle hol, der isen ikkje er så tjukk.
Les heile saka