Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Månadens bilete: Silkeføre

Månadens bilete: Silkeføre

Ole Petter Talgø Torsdag 21. mars 2013

Dette månaden var det Ola Halle med «Silkeføre» som gjekk av med seieren i avstemninga av månadens bilete. Biletet kapra 69 av dei 203 stemmane som kom inn. Vi gratulerer, takkar alle bidragsytarar og lover at premien blir overbragt når den er klar. Vi har fått nye premiar for månadens bilete dette året, som vi vil vise fram når dei er klare.

Alt tydar på at mange kan få oppleve litt silkeføre i påska, så vi håper mange tek med kameraet og sender oss bilete. Får vi inn mange bilete frå påska slik at vi er sikre på å ikkje gå tom for bidrag til dagens bilete, kjem vi med eit dedikert påskealbum. Send inn bilete til red@todalen.no.

Nedanfor ser du alle kandidatane med fotograf, og vi takkar som vanleg for alle bidrag!

Kandidatar

Silkeføre, av Ola Halle

Silkeføre

Skodde, av Bjørn Halle

Skodde

Snekkardalen, av Tove Talgø Brøndbo

Snekkardalen

Sol og sikt frå Ulriken, av Ingvild Stensby

Sol og sikt frå Ulriken

Kveldssol på Snøfjellet, av Kristine Saksen Ulvund

Kveldssol på Snøfjellet

Morgenrøden, av Kristian Gjeldnes

Morgenrøden

Todalsfjell, av Jon Bruset

Todalsfjell

Vintervegen, av Gjermund Ø. Moe

Vintervegen

Publisert: 21. mars 2013, 01:23