Kløverturar i Toåa tursti
Etter ei påske med sol og godver har lågtrykka stått i kø utanfor kysten, og det har regna, sludda og blåse.
Vi fann 9076 artiklar i dette arkivet.
Etter ei påske med sol og godver har lågtrykka stått i kø utanfor kysten, og det har regna, sludda og blåse.
Dei siste åra har målrørsla markert 12. mai som nynorskdagen. Årsaka er enkel: Det var 12. mai 1985 at Stortinget vedtok å jamstille nynorsk og bokmål (landsmål/norsk og det almindelige bogsprog/dansk) som offisielle språk i Noreg. I år er aksjonen utvida til nynorskveka frå og med 6. mai til og med 12. Det var den 6. mai i 2014 at Stortinget vedtok den nynorske utgåva av grunnlova. Det er det god grunn til å markere, meiner vi.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 5. mai 2025 i Toåa tursti.
Surnadal demensforening og helselag inviterer til busstur 22.mai. Turen starter fra Kulturhuset Surnadal kl 10.30 og går til Valsøya der vi får servert lunsj – fiskesuppe, dessert og kaffe. Etterpå blir det omvisning på Valsøya. Vi leier inn en buss så skynd deg med påmelding – her gjelder først til mølla prinsippet..!
I dag kom det litt uventa besøk til Todalshytta – TV-Norgeserien «71 grader nord kjendis» er i området for å gjera opptak til serien som skal sendast til hausten. Sjølvsagt er det hemmele både kva dei held på med og kven som er deltakarar. Vi veit berre at det er 12 deltakarar og at dei kom til Stangvika i går og har overnatta der til i dag.
Det skjer onsdag 7. mai og har start frå Frivillighetssentralen på Skei kl 18:00. Folkehelsemarsjen går i regi av Nasjonalforeingen for folkehelsen – Surnadal demensforening og helselag. Tidlegare var den kalla for hjertemarsj og har mellom anna vore arrangert i Toåa tursti.
Det var Arbeiderpartiet og Rødt som hadde felles 1. maiarrangement i Surnadal kulturhus – eit arrangement som samla eit 70-tal som stakk innom for å få med seg årets aksjonsdag for arbeiderbevegelsen. Dei kunne by på tradisjonelt program som starta med «Internasjonalen» med Surnadal Hornmusikk for eit ståande publikum, og fortsette med både vals og marsj. Det er faktisk litt høgtideleg med korpsmusikk til slike arrangement.
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal ligg også i startgropa, og har sendt oss ei pressemelding med informasjon om planlagte turar utover våren og sommaren.
Første tur går tirsdag 6.mai til Igltjønna og Haraldhytta i Rindal. Vi møtest som vanleg på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje kl 10.00. Alle vel møtt, medlemmer og andre!
Friluftslivets år er godt i gang, og det blir fleire fine utearrangement å velje mellom her i Surnadal den komande tida.
Søndag 18. mai er det tid for årsmøte i Søya og Todalen skytterlag. Det skjer i lokalene til Vang skiarena på Kvanne, og startar kl 19:00. På agendaen står vanlige årsmøtesaker som hører årsmøtet til. Saker som ønskes tatt opp på årsmøtet må varsles nestleder Odd Magne Haugen innan 11 mai. Enkel servering.
Todalshytta gjentar suksessen frå i fjor, og byr på en godbit frå kjøkkenet som det går an å kose seg med. I år som i fjor er det basturøkt lammelår frå Storlidalen som står øverst på menylista, men kjøkkenet byr også på andre ting dersom det fristar meir.
Vi seglar i medvind og vi har så mange som seier ja når dei blir spurt… Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag var var raus med ros i dag da laget feira medlem nr 30.000 i nasjonalforeninga på landsbasis – medlem nr 30.000 vart nemleg Reidun Dønnem Nerland som vart verva for nokre dagar sia. Liv og gjengen ho har med seg i demensforeninga har gjort ein kjempejobb med verving av nye medlemar – no er dei 364 medlemar i Surnadal, og dei er nest største foreninga i Noreg. Berre Oslo by har fleire.