15 kgs rugg skal føre genene vidare?
Stamlaksfisket gikk betre enn venta søndag, da mannskapet plutseleg hadde ein 15 kgs hannlaks i garnet. Det var i Raubekkhølen at ein bit av elva vart stengt av og laksen som gikk i hølen gikk bostaveleg talt rett i garnet. På dette settet dekka dei behovet for stamlaks i første omgang, da det vart både han- og hofiskar til stamlakshuset i Brusetmarka. Storlaksen på 15 kg er nok den største på fleire ti-år, og ein må vel attende til Phillipstida for å finne større laks. Lorth Phillips tok nemleg ein på 21 kg tidleg på 1900-talet.