Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9168 artiklar i dette arkivet.


Innspurten på halloweenfeiringa og handledagen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. november 2014

Sist helg var her i Todalen prega av både halloween og handledag på Matkroken. Alexandra (frå Bjørli) og Nicole (frå Liatun) slo like godt to fluer i ein smekk og hadde ein artig opptreden på Matkroken da dei var på handlerunde på Matkroken laurdag. Der fekk dei sjølvsagt stor oppmerkomhet og var eit populært innslag […]


Årsmøtetid for Senterpartiet

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. november 2014

Styret i Surnadal Senterparti skal i år arrangere årsmøtet i Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Det skjer tysdag 18. november kl 19.30, og i tillegg til vanlege årsmøtesaker har dei sett den nye kommunereforma på dagsorden denne kvelden.


Onsdag: Bok om furukjempene i Trollheimen

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Onsdag lanserer Morten Gåsvand den nye boka si «Furukjempene i Trollheimen». Han har leite seg gjennom Trollheimen, mellom anna i Todalen, for å finne dei største furukjempene – og har så skrevet bok om dei. Boka lanseres på Saga Trollheimen Hotel i Rindal, og det skjer i tidsrommet 12-18.


Reidar fikk oppleve naturmetoden…

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Sist fredag hadde vi ei sak om kunstig befruktig av lakserogn, der Rossåa settefisk sikra seg gener for å vidareføre todalslaksens eigenskapar. Det skjedde i Stamlakshuset i Brusetmarka – og i kontrollerte former. Men genene blir også vidareført i Toåa på denne tida – og ved bruk av naturmetoden. Det fikk nemleg Reidar Østvik og sonen Ragnar oppleve for ei vekes tid sia, – og det skjedde i nedre del av Raubekkhølen (ca 100 meter ovafor Hengebrua).


Julerevyen på gang – 3. juledag er det premiere

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Vi trefte skrivargjengen for årets julerevy på møterommet på Talgø måndag kveld. Det er ein rutinert og kreativ gjeng som har lang fartstid i bransjen, og mesta før dei var ferdig med fjorårets julerevy er dei no altså komne godt i gang med neste. Oppslaga i media frå «todalsnumra» på årets revykveld med «Hæstlatter» vitnar om at det er kvalitet i alle ledd, og god underhaldning som revymiljøet i Todalen kan by på.


Komfyrvakt på Eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Måndag 3. november 2014

Onsdag er det nytt arrangement på eldremiddagen i Sanitetshuset som allereie annonsert. Eldremiddagen får da besøk av feier Jon Nordvik som vil sette orientering om komfyrvakt på dagsorden. Det er ei kjent sak at mat som blir glømt på komfyren er ei hyppig brannårsak, og Nordvik vil orientere om korleis du kan montere slikt utstyr og korleis den verkar


Nærbutikken i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 1. november 2014

Matkroken i Todalen med Terje Nordvik i spissen var i dag ein av 222 butikkar over heile landet som var med i aksjonen «Handle lokalt». Desse 222 butikkane er ein del av Merkurprogrammet, eit prosjekt som oppfordrar til å støtte nærbutikkane, slik at bygdene fortsatt blir levande. Merkurprogrammet er eigd gjennom kommunal- og moderniseringsdeparementet. Dette […]


Her blir det flust med småfolk..

Jon Olav Ørsal Fredag 31. oktober 2014

Tidlegare i haust var det gjort storfangst under stamlaksfisket. Ein stor hanlaks på 14,5 kg og ein holaks på 7,3 kg vart fanga inn, og no skal dei i felleskap føre gode gener vidare for å sikre todalslaksen. Dei to i felleskap må ha dei beste førutsetningane for å få til det, og mannskapet på Rossåa […]


Din siste sort møkkjapåle!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. oktober 2014

Onsdag arrangerte Senioruniversitetet for Indre Nordmøre møte på Surnadal Kulturhus med kåseri av språkforskar Tor Erik Jenstad. Tittelen på kåseriet var: «Din siste sort møkkjapåle!».Eivind Hasle ønskte folk velkomne og orienterte om Senioruniversitet. Einar Oterholm introduserte så kåsøren for dagen ved å lesa «Ordskiftet» av Leif Halse, og dermed var tema for dagen sett: Skjellsord for å karakterisere personar.


Det er sundt å synge!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. oktober 2014

Slik innleia iallfall organist Bernt Bøe, da han ønska velkomen til songkveld og kunne gratulere todalingane med den nye songboka. Søndag kveld hadde soknerådet invitert til songkveld for å gjera seg kjent med den nye songboka. Den er på heile 1455 sider og inneheld over tusen songar – både godt gammelt og ein del nytt som kanskje er godt. -Det er det slitestyrken som avgjer, sa han. På songkvelden deltok Todalskoret, Åskard kyrkjekor og i tillegg var Sigrid V. Bøe med og kasta glans over arrangementet. Ho går no på Operahögskolan og er heime berre ein snartur.


Halloween-kafé på søndag

Elinor Bolme Onsdag 29. oktober 2014

Førstkommande søndag blir det arrangert eit lite Halloweenparty i Skulstuå. Det er Justyna Krajewska på Bjørli som har drege i gang arrangementet, og har fått med seg fleire småbarnsforeldre i komiteen. Dei inviterer derfor alle ungane på barnehagen og opp til og med 4. klasse til enkel halloweenfeiring søndagsettermiddag.


Med takspon frå Øyalia

Elinor Bolme Onsdag 29. oktober 2014

Åshild Fjøseid har sendt oss eit bilde frå restaureringa på taket av Uvdal stavkyrkje. Ho las tidlegare i vår her på todalen.no om tømmerdrifta med helikopter i, der «spesialfuru» frå Øyalia i Todalen skulle brukast til takspon på fleire stavkyrkjer i landet. Det var Husasnotra i Valsøyfjorden som skulle produsere takspon til stavkyrkjene i Nore og Uvdal, og todalståillå som vart floge ned først på januar i år, er no vorte til 15.000 takspon til dei to kyrkjene etter kvart.