Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikra seg avtale med NSF…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. desember 2014

Ei betre julegåve kunne vi knapt ha fått på Kårvatn Fjellustyr, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no.  Denne veka vart avtale med Norges skiforbund underskriven. Både landslaget for Randonee- og Telemark skal representere Norge med klær frå nettopp Kårvatn Fjellustyr. I februar ventar nytt NorgesCup-arrangement….

Landslaget_telemark2

NSFs landslag i Randonee- og telemark i klær frå Kårvatn Fjellustyr. Foto: NSF

Dette er svært viktig for oss, seier Gudmund Kårvatn, som er glad for avtalen som sjølvsagt betyr mykje for firmaet. – Vi får bekrefta at vi er med, og er dermed med i Skipoolen i godt selskap med både Swix, Dæhli og mange andre. Han fortel vidare at Håkon Vego har gjort ein kjempejobb, både mot Skiforbundet og forhandlarane. Håkon er salskonsulent for engrosverksemda på Kårvatn Fjellutstyr, som er importør av klede- og utstyrmerka SkiTrab, Sir Joseph, Contour og Majesty.

Denne veka hadde vi besøk av sportssjef Jo Mork som er sportskonsulent Petter Ekran frå forbundet, og det er veldig viktig for oss å få vist kva vi er gode for og kvar vi held til. – No er altså avtalen på plass og vi gler oss til samarbeidet både med NSF og løparane, seier Gudmund.

NSF_avtale_Kårvatn

Testing av utstyr i Dalalia. Frå venstre Jo Mork, Håkon Vego og Petter Ekran. Foto: Kårvatn Fjellutstyr.

Ein telefon til sportssjef Jo Mork bekreftar avtalen og besøket på Kårvatn. – Da vi kjørte oppover Todalen var vegen smalare og smalare, og vi lurte faktisk på om vi hadde køyrt feil. Men til slutt opna landskapet seg og vi fekk sjå staden og landskapet – det var heilt spesielt å kome hit, seier Jo Mork og er heilt imponert.

Todalen og Kårvatn er heilt unikt. Det er ein eineståande butikk – ei lita bedrift, men likevel noko stort, – og butikken er ei oppleving i seg sjølv, fortsett han. Mork er full av lovord om Kårvatn Fjellutstyr og fortel at firmaet kan sine ting, har gode produkt og ikkje minst har firmaet vore ein støttespelar i miljøet heilt sia starten. I tillegg har dei eit utmerket testområde rett utafor låvedøra. Vi har no valt klede frå Kårvatn Fjellutstyr til våre landslag, men fleire løparar har i tillegg gjort avtalar om ski og anna utstyr herfrå.

Samanlikna med andre greiner er Randonee og Telemark småe grupper, men dei er i sterk vekst og grip om seg. Det blir stadig nye klubbar og nye medlema, og vi opplever aukande interesse over heile landet. 14. februar er det NorgesCup i Randone på Kårvatn, og da kjem eliten for å kjempe om sekunda både på opp- og nedtur i Dalalia.

Karvatn_Start_Sondag_5476

14. februar er det ny NorgesCup på Kårvatn. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Det har og vore nemnt World Cup-arrangement i Randonee på Kårvatn. På det svarar Mork at kompetanse og terreng er på plass, men da er det mange ting som må stemme for å få det til å passe inn i WC-opplegget. – Men det er slett ikkje utenkjeleg, seier han til slutt

 

Først publisert: 19. desember 2014, 01:00 - Sist oppdatert: 18. desember 2014, 23:33