Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julehøgtid til gangs…

Jon Olav Ørsal Måndag 22. desember 2014

Vi som var på konserten «Julehøgtid» med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor har fått ein god start på jula. Det vart ei skikkeleg høgtidsstund, der vi fikk ta del i mykje flott korsong, både med og uten musikk – og sågar ein smakebit av ein kammerkonsert.  Dei hadde først hatt konsert i Åsskard kyrkje tidlegare på dagen, og både dirigent, musikarar og korsongarane var i storform da dei trefte todalingane.

Kora var denne kvelden forsteka med Sigrid Vetleseter Bøe solist og med eit eige kammerorkester i tillegg og sjølvsagt litt allsong. Organistveteranen Tor Strand trakterte både orgel og piano. Kammerorkesteret som var med bestod av Marte Belsvik Stavrum på fløyte, Ebba Ringmar på obo, Odd Sanntag på bratsj, Trond Saltnes på fiolin og Marit Aspås på cello.

Dirigent Bernt Bøe hadde regien på programmet, og hadde lagt opp til eit allsidig og variert program, der vi fikk høre mange forskjellige kombinasjonar av korsong med og utan solistar, med forskjellig instrumentering og reint instrumentalt. Mellom songtekstene vi fikk høre var “Julesong på Grini”, der teksta var skriven av Olav Grytli underfangenskap på Grini for 70 år sia og musikken laga av bøfjordingen Knut Kallset. – Og kom du ikkje i julestemning før, så gjorde du i allfall det under sluttnummeret “Deilig er jorden”!

Bildeglimt frå Konserten «Julehøgtid» i Todalen kyrkje søndag kveld.  Alle foto:Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. desember 2014, 02:21