Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny gravferdsbil på plass

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. desember 2014

Frå 1. oktober tok Anna Britt og Palmer og Vikan over Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå etter Ragna og Ivar Meisingset, som hadde halde på i heile 36 år. I mellomtida har Anna Britt og Palmer lånt den gamle gravferdsbilen deira, medan dei har venta på levering av ny bil. Den var lova til jul, og for eit par dagar kunne Palmer hente den nye bilen hos Sveen Auto i Surnadal.

Bilen er i utgangspunktet ein Volkswagen Multivan med 4-hjulstrekk. I bilen er det gjort ei omfattande ombyggjing og tilpassing til bruk som bårebil, og dette har gjort at leveransen tok såpass lang tid. Sjølv om dette er ei stor investering for oss, er vi glad for at den nye bårebilen med 4WD no er på plass, seier Palmer Vikan til Todalen.no.

Publisert: 20. desember 2014, 20:37