Søndag – Konsert med WOK i kyrkja
Førstkomande søndag 12. april kl 18.00 kjem koret WOX for å halde konsert i Todalenen kyrkje. «Ei blanding av mykje godt» har dei kalla konserten som no står på programmet.
Vi fann 9237 artiklar i dette arkivet.
Førstkomande søndag 12. april kl 18.00 kjem koret WOX for å halde konsert i Todalenen kyrkje. «Ei blanding av mykje godt» har dei kalla konserten som no står på programmet.
Heile etterjulsvinteren har det pågått kvalifisering til den stor sjakkfinalen som var tillyst i Ungdomshuset 2. påskedag. Gruppespelet har pågått når sjakkgruppa har hatt søndagstreff i Kaffekroken på Halsbua, og det har vore knytta stor spenning til kven som ville kome til finalen. Dei siste finalistane var klar først nokre dagar før påske og det vart altså spela både bronsefinale og gullfinale denne kvelden.
2. påskedag var både todalingar og andre samla til tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardan. Det var godt med folk som hadde benka seg rundt borda og som kosa seg i sola og runt 10 varmegrader i lufta. Denne tradisjonen har vore eit fast innslag i påskefeiringa sia først på 2000-talet. Kaja Marie vart båren til dåpen i den stemningsfulle gudstenesta….
Påskelaurdag var ein drømmedag i fjellet, og det var mange som nytta høvet til å kome seg til fjells. John Are Husby tok turen til Bjøråskaret, og har sendt oss nokre bilde frå turen og frå den flotte utsikten frå Bjøråskaret – mot Innerdalsfjella.
Det har etter kvart vorte tradisjon med både frilustsgudsteneste og finvêr på 2. påskedag. Todalen sokneråd inviterer iallfall på friluftsgudsteneste på Haugligardane ovafor Bruset 2. påskedag kl 12.00. Det er skogsbilveg heilt fram, og bra med parkeringsplass. Det går også an å parkere ved Bruset-fjøset og ta siste biten til fots for den som vil ha litt mosjon.
Frå laurdag ettermiddag var det ikkje muleg å koble seg opp for å laste ned eller sende e-post for «svorka.net»-kontoar.Vi fikk fleire telefonar hit til redaksjonen om dette, men alle hadde breibandtilgang. Det tyda på at var mailserverproblem hos Svorka Aksess som laga krøll.
Mellom 60 og 70 personar tok turen til Skihytta på langfredag. Litt utrygge vêrmeldingar bremsa nok deltakinga litt, men vêret var på sitt beste på ettermiddagen omkring den tida kjerringdilten starta kl 13.00. Heile 52 personar stillte på startstreken og det var nok lagt mange strategiar for å kome i mål på den hemmelege idealtida som rennleiar Ivar Helge Kvendset hadde sett.
Finalistane til den stor sjakkfinalen 2. påskedag er no klare. Etter at innleiande kamper er unnagjort står ein att med 2 gullfinalister og 2 bronsefinalister til det store oppgjøret i Todalen ungdomshus. I bronsefinalen møtes Kristoffer Nordvik og Bernt Venås, medan Brage H. Talgø og Amund Talgø møtes til den spanande gullfinalen, fortel Trygve Halle som er pressetalsmann for sjakkgjengen.
Det er kjempefine forhold på Skihytta, rapporterer Ivar Helge Kvendset i arrangementskommiteen. 10 cm nysnø gir perfekt føre, og sjølv om sola enno let vente på seg så er det vindstille og god temperatur. Kjerringdilten startar kl 13.00 så du har enno eit par timar på deg til å ta turen til Skihytta på Ørsalfjellet.
For 87-ende gang ble det tradisjonelle Seterrennet arrangert ved Nordviksetra på skjærtorsdag. Værutsiktene var ikke de beste, og i morgentimene lavet snøen ned. Etter hvert gjekk det over til byger med opphold innimellom. De som hadde firhjulstrekkere kjørte helt fram til parkeringsplassen ved setra, mens de som ikke hadde dette utstyret måtte ty til traktorskyss med henger.
Unni Boksasp og Festivalkvartetten trefte eit begeistra publikum under påskekonserten i Todalen kyrkje. Konserten var premiere for påsketurneen som altså starta i Todalen kyrkje skjærtorsdag ettermiddag, og fortsette til Ålvundeid kyrkje om kvelden. Vidare skal dei til Nordlandet og Øre på langfredag. Festivalkvartetten starta konserten med Griegs Allegro før Unni Boksasp kom på podiet med folketonar etter lokal opphavt.
Stangvik Historielag har allerede no si aktivitetsplan klar for 2015. Dei startar den første fellesturen no 11. april, og har fått ein 52/17 Søndagstur, blandt anna. 1. tur går til Noatun, langhuset som Edvard Røkkum og Kristin Settem har på Åsprong, 11. april kl 15 til ca kl 19/21 –avkjørsel blir skilta (ved mjølk-rampe på høgre side av vegen). Vi satsar på samkjøring med privatbilar, oppmøte ved ferjekaia på Kvanne kl 14.30. – Men: kom gjerne i båt, det er båthamn ca 100 […]