Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjakkfinalistane er klare til 2.påskedag

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2015

Finalistane til den stor sjakkfinalen 2. påskedag er no klare. Etter at innleiande kamper er unnagjort står ein att med 2 gullfinalister og 2 bronsefinalister til det store oppgjøret i Todalen ungdomshus. I bronsefinalen møtes Kristoffer Nordvik og Bernt Venås, medan Brage H. Talgø og Amund Talgø møtes til den spanande gullfinalen, fortel Trygve Halle som er pressetalsmann for sjakkgjengen.

Finaleoppgjøra går altå i Todalen ungdomshus 2. påskedag kl 19.00, og i finalene blir det spela med 30 minutt på kvar spelar, altså maksimalt 2 timar totalt. Det blir spela 2 kampar – svart 1 parti og kvit 1 parti, med 1 poeng for seier, 1/2 poeng for remi og 0 poeng for tap. Ved uavgjort etter 2 kampar skal det spelast lynsjakk «light», med trekking av farge og kvar spelar får 10 minutt. Ved remi der, vil det bli vanleg lynsjakk med bytte av farge og 5 minutt på kvar spelar – heilt til nokon vinn. Hovuddommar for bronsefinalen er Anders Talgø og for gullfinalen Terje Nordvik

Sjakkgjengen oppfordrar alle som er interesert til å kome til ungdomshuset og være heiagjeng og til å lære å spele sjakk. Det blir salg av kaffe. Elles opplyser pressetalsmannen at det no blir ein lang sommarferie, men at det blir nye sjakkveldar til hausten.

Publisert: 3. april 2015, 12:56