Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skihytta: 52 deltok på Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2015

Mellom 60 og 70 personar tok turen til Skihytta på langfredag. Litt utrygge vêrmeldingar bremsa nok deltakinga litt, men vêret var på sitt beste på ettermiddagen omkring den tida kjerringdilten starta kl 13.00.  Heile 52 personar stillte på startstreken og det var nok lagt mange strategiar for å kome i mål på den hemmelege idealtida som rennleiar Ivar Helge Kvendset hadde sett.

Etter målgang vart idealtida på 20.00 offentleggjort og dermed var det klart at det var Maren M. Karlsen som hadde trekt det lengste strået og sikra seg eit napp i vandrepokalen. Ho var berre 6 sekund unna på tida 20.06. Men det var jevnt i teten, og marginane til nr 2 Ola H. Ansnes var 7 sekund unna og nr 3 Jan N. Bruset var 8 sekund unna.

Ledar i hyttestyret, Terje Nordvik, fortel at det var eit prikkfritt arrangement og han var imponert over at så mange stillte på startstreken på årets Kjerringdilt. Det var fine forhold i fjellet, med rundt 10 cm nysnø og det var oppkøyrt fin løuper både frå Innerdalsmerket og frå Skarvøymyrå ovafor Øyalia, som Ståle Ansnes hadde sørga for. På kjøkkenet var det Knut Halset som hadde kontroll på kaffekoking og bakelssteiking, til stor glede for publikum.

Her  har vi lagt ut resultatlista for årets Kjerringdilt. Her finn du komplett resultatliste med anvendt tid for alle deltakarane.

Send oss gjerne bilder frå Kjerringdilten, så lagar vi eit bildegalleri. (e-post: red@todalen.no   merkes «Kjerringdilten»)

Bildegalleri frå kjerringdilten 2015  Foto: Ivar Helge Kvendset

 

Publisert: 3. april 2015, 17:49