Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftsgudsteneste dåp og snev av sommar…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2015

2. påskedag var både todalingar og andre samla til tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardan. Det var godt med folk som hadde benka seg rundt borda og som kosa seg i sola og runt 10 varmegrader i lufta. Denne tradisjonen har vore eit fast innslag i påskefeiringa sia først på 2000-talet.  Kaja Marie vart båren til dåpen i den stemningsfulle gudstenesta….

Sol og 10 varmegrader på haugligardane – og folket kosa seg. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

Friluftsgudstenesta på Haugligardan og dåpen vart nok eit minne for livet for dåpsbarnet Kaja Marie, foreldra Karina Mathilde Jelle og Ken Marius Pedersen. Saman med faddrar og resten av familien og ei kyrkjelyd på knappe 80 personar vart friluftsgudstenesta og todalsfjella ei fin ramme rundt dåpsdagen, og ei triveleg ettermiddagsstund på Haugligardan. Det har vorte tradisjon å avslutte påskefeiringa med friluftsgudsteneste på Hauligardan. Tradisjon er det også at det er finvêr på 2. påskedag, for sia starten først på 2000-talet, har det berre vore nødvendig å flytte gudstenesta til kyrkja på grunn av vêret. Kaja Marie er truleg det 10. dåpsbarnet på Haugligardane i løpet av desse åra.

Sokneprest Bernt Venås saman med foreldre og dåpsbarn. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Når det er friluftsgudsteneste skal det være litt improvisert, både med utstyr og opplegg. Det var rigga til eit alter og kors til sokneprest Bernt Venås, som heldt gudstenesta. Organist Bernt Bøe hadde på same måte ordna seg med eit lite elektronisk orgel for å ivareta tonefølgjet til salmesongen, og John Moe hadde laga eit enkelt, men funksjonelt klokketårn og utførte tenesta som ringar. Men vi trur alle kom i skikkeleg påskestemning når organisten spela ”påskemorgen” på orgelet sitt og det var som den reinaste korsongen når kyrkjelyden tona i. Etter gudstenesta var Todalen I.L.s trimgruppe på plass og serverte pølser og brød med tilhørande samt eller kaffe til alle som deltok.

Bildegalleri frå friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 6. april 2015, 16:34