Oda Halle: – Reisebrev #2 frå New Zealand
I august 2014 reiste eg og Liv Ingrid Bævre Helgetun frå Noreg for å oppleve livet på New Zealand. Eg fortalte om fyrste del av eventyret vårt i eit reisebrev i desember. Dette er kva som skjedde på siste del av turen. Det er eit svært imøtekommande folk vi har fått møte her på New Zealand, venlege og inkluderande menneskje har fylt reisa vår. Ein skulle trudd at jul og nyttår på heilt feil side av jorda utan familie skulle bli einsam og full av heimlengsel. Men da skulle ein ta feil. I sommarvarme var både jul og nyttår feira med stor suksess i hovudstaden Wellington.