Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avsluttar med «eiga» gudstjeneste

Elinor Bolme Fredag 17. april 2015

Snart er det klart for årets happening for dei som skal konfirmerast, sjølve konfirmasjonsdagen. Konfirmantane har jamnleg hatt undervisning i samband med den kommande seremonien, og er no inne i aller siste fase. Så når det er gudsteneste i Åsskard kyrkje førstkommande søndag kveld kl 19.30 , er det med unge aktørar i teneste. Her vil konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard utføre både liturgi og musikk.

På plakaten står det «Ungdomsgudsteneste» – i mangel av betre namn, skriv Bernt Bøe som har delteke i årets konfirmantundervisning. Teamet er ivrige på å understreke at sjøl om konfirmantane utfører mykje av tenesta, med litt assistanse av Bernt Prest og Bernt Organist, er dette er søndagens messe, og den er for alle!

Med unge a Konf BAND aassk 090415

Bandet under øving i Åsskard-kyrkja. Frå venstre Erik, Per Emil, Bernt Organist, Eirik og Torstein. (Foto: Konfirmant Elida)

Dei tre temabolkane Skapinga, Boda og Nåden blir alle illustrerte med lysbilete – delvis laga av konfirmantane sjøl. Til salmesongen spelar «konfirmant bandet» – med gitar, piano, trommer og bass.

 

Etter gudstenesta «Med unge – for alle» blir det servering i Kyrkjestua.

 

 

 

Først publisert: 17. april 2015, 12:00 - Sist oppdatert: 16. april 2015, 22:21