Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Sildballdag i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. april 2015

Laurdag 18 april blir det balldag med ekte sildball i ungdomshuset, fortel John Moe, som er initiativtakar til arrangementet. Med Åse Redalen som sjefskokke vil gjengen på kjøkkenet servere ekte sildball etter gamle oppskrift og med «fullt» tilbehør.

Det blir servering av sildball frå kl 15 og utover så langt det rekk, og «kokkelauget» satsar på at det skal bli både nok og at det skal bli godt, seier John til Todalen.no. For kr 150 er det meininga at alle skal få eta seg skikkeleg mett på denne tradisjonsrike middagsretten.

I tillegg vil det bli arrangert lotteri med mange fine gevinstar og ein flott hovudgevinst som ikkje er klar enno, og inntekta går til anleggsdrifta i Todalen idrettslag – der både ungdomshuset, skihytta, Bordholmen og den nye lysløypa på Tjønnmyran høyrer heime.

 

 

 

 

Først publisert: 16. april 2015, 18:00 - Sist oppdatert: 17. april 2015, 19:32