Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oda Halle: – Reisebrev #2 frå New Zealand

Oda Halle Måndag 20. april 2015

I august 2014 reiste eg og Liv Ingrid Bævre Helgetun frå Noreg for å oppleve livet på New Zealand. Eg fortalte om fyrste del av eventyret vårt i eit reisebrev i desember. Dette er kva som skjedde på siste del av turen.  Det er eit svært imøtekommande folk vi har fått møte her på New Zealand, venlege og inkluderande menneskje har fylt reisa vår. Ein skulle trudd at jul og nyttår på heilt feil side av jorda utan familie skulle bli einsam og full av heimlengsel. Men da skulle ein ta feil. I sommarvarme var både jul og nyttår feira med stor suksess i hovudstaden Wellington.

Wellington, også kjent som verdas mest vindfulle by, var heimen vår til slutten av januar. Så tok eg meg tre veker fri frå jobben min ved Embassy Theatre, og vi reiste sjøvegen til New Zealands Sørøy. Lite folk og mykje fantastisk natur oppsummerer denne delen av New Zealand ganske godt. Vi starta opphaldet vårt her med å gå deler av Abel Tasman Coastal Track. Dette er ein gåtur langs kysten av nasjonalparken Abel Tasman med overnatting i turisthytter. I februar er det framleis i høgaste grad sommar på New Zealand, så etter dagar med å gå gjennom regnskog vart det avslapping og bading på strendene.

Vi hadde litt over tre veker på oss til å dekkje heile Sørøya, så vi sette kursen sørover så snart vi kom ut av nasjonalparken igjen. Nedover vestkysten fekk vi sjå alpane, isbrear og imponerande kystlandskap. Eit av stoppa våre var ved Franz Josef Glacier. Her hoppa Liv Ingrid hoppa ut av eit fly (heldigvis med fallskjerm), og eg gjekk opp til isbreen Franz Josef. Landskapet her minna veldig om Norge, noko som i grunnen gjaldt heile øya. Etter at eg var tilbake frå turen, og Liv Ingrid hadde landa trygt på bakken køyrde vi vidare til byen Queenstown. Queenstown er kjent som ekstremsportens by her på New Zealand. Det er ein avslappa liten by, idyllisk plassert ved ein innsjø innimellom majestetiske fjell. Kvar gong ein såg utover innsjøen eller opp på himmelen såg ein paraglidarar, jet-båtar eller andre sportsutøvarar. Vi vart verande der i nesten ei veke før vi reiste vidare. Denne gongen var det Kepler Track som stod for tur, ein fjelltur som strekkjer seg over 4 dagar og inkluderer både regnskog og høgfjell.

Den siste veka vi hadde byrja med ein køyretur til Milford Sound, en av fjordane som har gjeve landsdelen Fiordland namnet sitt (sjølv om dei veit at dei har skreve det feil). I følgje ei legende var denne fjorden så vakker at ingen nokon gong ville reise derifrå, så gudane følte dei måtte gjere noko med det. Dei skapte derfor mygg og knott og slapp dei ut i lufta der. Derfor er det ingen som held ut særleg lenge før dei reiser vidare. Vi vart berre verande der lenge nok til at eg fekk ein tur i kajakk på den vakre fjorden.

Noko som verkar kjent? (hint: Ringenes Herre) Foto: Driva/Oda Halle

Tidlegare i reisa vår, i september, hadde vi vore oppe på New Zealand sitt nordlegaste punkt. Dermed passe det godt at vi no køyrde ned til Bluff, det sørlegaste punktet om ein ikkje reknar med øya Stewart Island. Så var det berre den lange køyreturen nordover igjen som stod for tur. Attraksjonar på denne strekninga var lokasjonar frå filmane Ringenes Herre og byen Christchurch, som framleis er under gjenoppbygging etter eit stort jordskjelv i 2011. Så var tida kome for at eg skulle tilbake til jobben min i Wellington. Det var også tid for at vi skulle skilje lag, da Liv Ingrid skulle vere på Sørøya denne månaden. Det føltes svært rart å gå om bord på ferga aleine, men det hadde vore mykje verre hadde eg ikkje visst eg skulle møte kjente i Wellington igjen.

Eg hadde to jobbar i denne perioden. Den eine var same jobb eg hadde hatt frå midten av november. I tillegg skulle eg også arbeide for å bu på eit hostell i sentrum av byen. Dette betydde mykje jobbing, men det vart også tid til å nyte byen. Nesten heile mars tilbragte eg og Liv Ingrid frå kvarandre. I denne perioden var Liv Ingrid i byen Blenheim, der ho også arbeidde på eit hostell. Mot slutten av månaden møttest vi igjen, og vi forlot etter kvart Wellington. Det var med blanda kjensler eg tok farvel med byen, jobben og alle dei eg hadde blitt kjent med der. Men med løfter om besøk og om å halde kontakten la vi byen bak oss. The Tongariro Northern Circuit var den siste gåturen eg skulle gjennomføre her. Dette er nok ein firedagars tur, denne gongen gjennom vulkansk landskap med svovel-luktante røyk, grøne innsjøar og Mars-liknande landskap. Ruta går heile vegen rundt Mount Ngauruhoe, ein av dei aktive vulkanane i denne nasjonalparken. Akkurat dette fjellet er muligens kjent for ein del under eit heilt anna namn. Det er nemleg brukt som Mount Doom i Ringenes Herre-filmane. Ringenes Herre har vore ein stor del av turen vår, så det var også passande at den siste aktiviteten vi skulle gjennomføre her på New Zealand var eit besøk til sjølvaste Hobbittun. For dei som ikkje har noko forhold til Ringenes Herre eller Hobbiten ser nok ikkje dei runde dørene så imponerande ut, men det var ein heilt uverkeleg følelse og få sjå heimen til hobbitane med mine eigne to auge.

Tida vår på New Zealand har no kome til vegs ende. No vender vi nasen heimover til Noreg. Dette vesle landet så uendeleg langt heimanfrå har vore heimen vår i nesten åtte månader, i både tjukt og tynt. Sjølv om ikkje alt dyre- og planteliv gav like mykje meining for oss nordmenn, og sola steiker mykje varmare enn vi var vant til, så har vi vorte svært glade i det. Det er ikkje mykje tvil om at dette har vore eit annleis år, og sjølv om alt ikkje vart heilt som vi tenkte det da vi reiste heimanfrå i august i fjor, vart året veldig bra. Vi reiser no heim vel vitande om at vi klarte det. Vi klarte å reise til andre sida av jorda, og levde det som på mange måtar var eit heilt nytt liv der. Sjølv om alt var ukjent og nytt, gjorde vi oss kjent og fekk mykje ut av opphaldet.

I løpet av desse månadane har eg sovna til støyen av sirissar, vakna av alt frå torden til tui-song. Dusjane eg har nytta meg av har ikkje alltid vore like hygieniske, og matlaginga har deler av tida gått føre seg på ein gassbrennar plassert på bakken. Eg har gått barføtt på sanddyner og milelange strender, sett sola stå opp og gå ned på andre sida av jorda, køyrd 10 000 km på feil sida av vegen. Og eg har hatt det heilt fantastisk. Vi skal heile vegen rundt jorda på reisa vår, så no blir dei neste destinasjonane våre Fiji, Los Angeles og New York. Så landar vi endeleg på norsk jord igjen etter ni månader heimanfrå.

Her har vi lagt til eit bildegalleri med mange bildeglimt fra opphaldet i New Zealand –  Alle bilder: Driva/Oda Halle

 

 

Først publisert: 20. april 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 19. april 2015, 22:24