Inviterte bygdefolket på frukost – og dem kom!
Fotballgruppa i Todalen idrettslag har i fleire år invitert sine sambygdingar til frukost etter biltoget – og før folketoget. Som oftast skjer dette på Bordholmen i friluft, men Ungdomshuset er backup i tilfelle dårleg vêr. Vêrmeldinga i går varsla kanskje ikkje noko vesentleg nedbør, men temperaturmeldinga på yr.no hadde ikkje meir enn 4-5 varmegrader å by på. Med litt vind i tillegg hadde det nok vorte surt på Bordholmen – difor vart frukosten i år i ungdomshuset.