Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frukosten er flytta til Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

17. mai-frukosten er flytta frå Bordholmen til Ungdomshuset. – Vi hadde ikkje nervar til å vente lenger på finvêret, gliser Knut Bergli, når vi besøker frokustgjengen i fullt arbeid med å rigge til for frukostservering i Ungdomshuset.  Sjølv om det meldt lite eller ingen nedbør til 17. mai, så var det nok temperaturvarseleg som var avgjerande – med 4-5 varmegrader og litt vind blir det fort kaldt på Bordholmen, seier Knut.

Frukostservering (kl 10.30) skjer umiddelbart etter at biltoget er ferdig, og biltoget avsluttar dermed ved Ungdomshuset etter runden oppover til Brusetmarka og med Gammelfabrikken som snuplass på vanleg måte.

Det blir som vanleg ein rikhaldig frukostbuffe, med massevis av godt pålegg og anna tilbehør. Knut reklamerer med både heimelaga salatar, kabaret, kokte egg og mykje anna godt. han fortel vidare at dei har dekt til 130 personar, men har kapasitet til fleire dersom det blir behov.

Først publisert: 14. mai 2015, 18:16 - Sist oppdatert: 17. mai 2015, 20:22