Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinvikrunde med ordførarfølgje

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

Saman med rundt 40 andre deltakarar trossa vi  tette regnbyer og dårleg vêrmelding og møtte opp for å bli med på Lilly Gunns ordførartur på den populære ”StikkUT”-turen som Svinvikrunden har vorte. Vêret vart da slett ikkje verst lell, og vi hadde ein fin rundtur med triveleg selskap på turen.

Turen starta frå parkeringsplassen til Svinviks arboret og gikk oppgjennom Svinvik-kleiva etter gammalvegen som vart bygd på 1890-talet. Det er rart å tenkje på at det var biltrafikk etter denne vegen, så bratt og svingete som det er oppover den første delen av vegen, og det var da heller ikkje uvanleg at passasjerane måtte stige av og hjelpe til å skuve på bilen i dei verste partia.

Det var mange stopp på vegen – Sven Olav kjente historia om gammalvegen godt og hadde mykje å fortelje om. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I dag er dette fin turveg av ypparste klasse, og i finvêr går det godt an å gå heile runden som er ca 4,6 km i joggesko. Når du vel og bra er komen på toppen kom vi inn på Hjellnesvegen og fortsette til vi nådde den gamle fylkesvegen som går nedmed sjøen utover att til Svinvika – og til parkeringsplassen. Denne vegen var i bygd før krigen, men teken i bruk først etter krigen, fortalte Sven Olav Svinvik, som var hyra inn som guide og kjentmann på turen. Han kjente historia til gamalvegen godt, og hadde mykje interessant å fortelje, mellom anna historia til rodepålane i gamalvegen som markerte kven som hadde ansvaret for å helde vegen vedlike i gamle dagar.

På ordførarturen var vi godt kledd og førebudd på at det vart ein del regn, med vi kom så godt som rundt heile runden før det vart noko særleg nedbør. Etterpå var heile gjengen samla i arboretet, der ordførar Lilly Gunn Nyheim spanderte kaffe og kaker på heile gjengen.

Som sagt er Svinvikrunden eit av turmåla som er med i StikkUT-prosjektet. Her kan ein registrere besøk elektronisk på www.stikkut.no og i skrivande stund har 92 personar registrert besøk hittil i mai, med den ”analoge” besøksboka i postkassen på toppen i same perioden har fått nærare 300 registrerte namn – og fleire blir det nok i løpet av sommaren. Fin tur som kan anbefalast både med og utan ordførarfølgje, og kan god kombinerast med besøk i Svinviks arboret.

bildegalleri frun Svinvikrunden med ordførar og resten av følgjet.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. mai 2015, 06:00