Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9095 artiklar i dette arkivet.


Stikk ut ……..

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mars 2015

Dagane er lyse og solrike, og det er tid for å «stikke ut» ein tur. Gammelvegen uti Svinvikhamrane er no heilt bar og tørr, så der er det fint å gå tur no. I dag var May og Tor ute og kosa seg i finveret – dei praktiserer kvardagsrehabilitering på ein fin måte! Oppe på høgaste punktet av vegen er postkassa med «Stikk ut-boka», der kan ein skrive namnet sitt.


Fleire vårtegn på gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mars 2015

Denne tida er det nok fleire vårtegn på gang rundt omkring. I Viastua har dei vorte velsigna med eit vinterlam, som nok blir litt av ein bortskjemt storebror etterkvart. Han kom til verda ein av dei første vekene i mars, og blir nok halvannan månad før saulamminga kjem i gang for fullt nærare midten av april.


Vår i lufta…..

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. mars 2015

Med sol frå skyfri himmel og temperatur på godt over ti grader, er det fint med ein tur ut for å sjå etter vårteikn. I blomsterhagane finn vi no både julerose, blåveis, snøklokker og krokus. Humler og bier summar rundt. Kvitsymre og hestehov har ikkje dukka fram enno, men hasselen blomstrar.


52/17 – Søndagsturen går til Betna – rundt Bettennesset

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Komande søndag går søndagsturen til Betna, med tur til fots rundt Bettennesset. Du kjører til Betna, og tek til venstre i krysset og finn parkeringsplass på skistadion rett nedpå flata der. Det er ein lett tur i flotte terreng – ein tur som passar til alle.


Brøndbo og «Give me 5»

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Give me 5 er vårens vakraste eventyr, sa Torill Helgetun, da ho ønska velkomen til konsert i Surnadal kulturhus torsdag kveld. Det har iallfall vorte tradisjon å arrangere Give me 5 for 5.-klassingane i Surnadal kommune. Det er i år 7. gong, og årets gjesteartist om ein skal kalle det, var Bjarne Brøndbo som er frontfigur […]


Latterleg med Honningsvågrevyen…

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Komande laurdag kjem Honningsvågrevyen på besøk til Surnadal kulturhus. Dei har med seg ei blanding av gamle glansnummer og mykje nytt, med innslag av humor og galskap. Honningsvågrevyen har vorte eit fenomen og den nordnorske humoren har fått publikum frå heile landet til like den nordnorske humoren, og vi må rekne med at det blir mykje latter denne kvelden.


Todalen historielag: årsmøtet gikk kjapt unna!

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mars 2015

På ein knapp halvtime var årsmøtet i Todalen historielag gjort unna. Årsmelding og rekneskap gikk greit og ryddig unna og det var få spørsmål knytta til oppsummeringa av 2014. Men sjølv om årsmøtet er fort unnagjort, så har laget stor oppslutning i Todalen – «heile bygda» er med og laget kan skilte med heil 167 […]


Felles satsing på fotballen fortsett

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mars 2015

Det er no klart at Todalen I.L. kjem til å fortsette samarabeidet med Kvass/Ulvungen og I.L. Søya for komande fotballsesong. Avtalen om samarbeid er underteikna og det betyr ei felles satsing for følgjande lag: J12, J14, G14, J16, G16 og A-lag. Vidare blir det felles satsing for Todalen I.L. og Søya for G10, G12 og J12, medan Todalen I.L. stiller eige «superlag» for knøtter.


Frode fikk heider på årsmøtet…

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mars 2015

Tysdag kveld var det tid for årsmøte i Todalen.no – og tid for å heidre Frode Grønmyr som vinnar av konkurransen «Dagens bilete» som altså vart til årets bilete for 2014. Det blir først konkurrert om månadens bilete – med konkurranse kvar dag og premiereing for månadens bilete – dei tolv finalistane går så vidare til konkurransen om årets bilete. Det er andre gongen at Frode går heilt til topps i konkurransen om årets bilete – han vann nemleg konkurransen i 2012 også.


Bibliotekfilialen er stengt komande torsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mars 2015

Komande torsdag, 12. mars, er biblioteksets filial i Todalen stengt. Neste veke er det imidlertid vanleg opningstid mellom 18 og 20, melder Karen Johanne


Viktig kamp på Vangen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mars 2015

Måndag kveld var alvor på Vangen, da kampen FA-cupkampen mellom Manchester United og Arsenal gikk av stabelen på Old Trafford. Det var 74.285 tilskuarar på Old trafford og 8 på vangen, inkludert vår utsendte. Det var 3 Manchester United- og 3 Arsenal-supportere «på banen, samt Siri P. og underteikna i sivilt antrekk. Høgdepunktet var nok dei tre scoringane, samt servering av ein utsøkt pizza.


Nokre kommunale vegar blir privatvegar?

Jon Olav Ørsal Måndag 9. mars 2015

Frå tid til anna kjem det forslag om omklassifisering av vegar. Denne gongen er det eit forslag frå Surnadal kommune om omklassiffisering av heile 19 vegar rundt omkring i kommunen. Første steget i denne prosessen er behandling i hovudutvalg for teknikk, miljø og næring, som skal tilrå kriteria for dette arbeidet. Deretter blir det utarbeidd eit forslag, som så skal ut til offentleg ettersyn før kommunestyret gjer det endelege vedtak.