Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9096 artiklar i dette arkivet.


Unni Boksasp og festivalkvartetten i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2015

Unni Boksasp og festivalkvartetten dreg ut på Nordmørsturne i påska. Skjærtorsdag 2. april kl 16.30 kjem dei til Todalen kyrkje med sin påskekonsert. Om kvelden (kl 20.00) står Ålvundeid kyrkje for tur og langfredag er det Nordlandet og Øre som står for tur.


Sommartid: – Ein time fram

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mars 2015

Frå søndag 29. mars er det sommartid. Det offisielle tidpunktet for å justere klokka er kl 02 natt den siste helga på mars, og klokka stilles alltid 1 time mot sommaren når det blir sommartid. Og resultatet blir dermed at det blir lengre lyst om kveldane.  


Skihytta – Bli med på Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2015

Langfredag er den store dagen på Skihytta – da blir Kjerringdilten arrangert, og det blir kamp om å ta eit napp i vandrepokalen som er sett opp. I fjor var det så dårlege vêrutsikter til langfredag, at det offisielle programmmet vart avlyst, fortel hytteformann Terje Nordvik. Det siste nappet i vandrepokalen, var det Vilde Mikkelsen som tok i påska 2013. For den som ikkje er så kjent, så er Kjerringdilten eit langrenn som går på idealtid, og som har lange tradisjonar. Start er langfredag kl 13.00.


Tok pulsen på påskesalet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2015

Dei to siste dagane har det vore jamn trafikk opp Falla og til Kårvatn, der det er storstila påskesal i butikken. – Det har vore skikkeleg bra med folk i butikken dei to første dagane av påskesalet, og det blir vel skikkeleg trøkk etter helga også, med langdag på tirsdag, seier dagleg leiar Laila Kvendset Bergli ved Kårvatn fjellustyr. Det er mange nye fjes, og det er folk både frå nærområdet og langvegs frå, seier Gudmund Kårvatn som er for veteran å rekne i butikken.


Leah og bestefar – butikk på vegkanten

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2015

Leah Jørgensen og bestefar Bernt hadde laurdag rigga seg til med butikk på vegkanten på Kvennset.  Leah er på påskebesøk hos bestefar og bestemor i Todalen og nytta finvêret til å rigge til butikk, der dei bydde fram eit utval treprodukt frå lageret på Spikbua til Bernt. Leah hadde teikna salsplakat og saman har dei […]


Surnadal alpinsenter: Opnar igjen laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2015

Laurdag opnar Surnadal alpinsenter bakken igjen. Alpinsentret har nemleg vore stengt sia måndag, for nettopp å spare på skiføret til påske. Skiføret ser ut til å halde bra, så da er det berre å ta skiene fatt. Dersom vêret tillet det, så vil det bli dagkjøring kvar dag fram til 2. påskedag for vi opplyst. […]


Pass deg for hjortviltet….

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2015

Grøne spirar på ekrene er nok fristande for hjort og rådyr, som etter vinteren har meir enn lyst på litt «ferskvare». Etter kvart er også hjorten komen på trekk, og det fører til stor trafikk av hjort på innmark, og dette skaper mange trafikkfarlege situasjonar når den må passere vegen. Det er difor all grunn til å være forsiktig når du ferdast etter vegane – spesielt er faren for viltpåkjørsel stor i skymringa både morgon og kveld.


«Storrundt» har stopp på Kårvatn i dag…

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2015

I serien «Storrundt», med historiske bilde som Todalen historielag viste på lagets årsmøte tidlegare i vinter, er i vi dag komne oppi «Markagardan» eller kanskje vi heller skal seie Kårvatn og omliggjande hus og heimar. Det er nok mange som kjenner seg att, men nokre av bileta er nok såpass gamle at mange kanskje har litt problem med det….


Saniteten: Aksjon kunstlotteri

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2015

Saniteten «aksjonerer» med salg av lodd til sitt kunstlotterie på Matkroken i helga. Da vi var innom var det leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes som stod for salget. Vidare utover dagen og laurdag skal fleire av medlemane gå på skift innafor butikkens opningstid. Stikk innom og støtt Todalen sanitetsforening med kjøp av loddar!


Stort påskesalg startar fredag

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mars 2015

Vårvarene er like rundt hjørnet, og fredag starter påskesalget på Kårvatn Fjellutstyr for å rydde plass til vårkolleksjonen. Da får du minimum 40% på alt, står det i annonsen. Butikken er open frå 10-16 alle kvardagar – tysdag 31. er det langope frå 10-19. Har du påskeferie kan du kombinere handleturen med skitur, for det er framleis godt skiføre både på Kårvatn og i fjellet. Laurdag blir det kaffe med marengkake i butikken!


Påska på Pakkhuset starter laurdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mars 2015

Laurdag blir det sesongstart på Pakkhuset Kro på Todalsøra, og det blir ope 2 kveldar denne påskehelga, fortel Synnøve Helland. Førstkomande laurdag er det mange som har starta påskeferien, og da blir det triveleg å treffast, både for bygdafolk og andre – til ein sosial kveld på Pakkhuset. Onsdag kveld (onsdag før skjærtorsdag) inviteres det til PåskeQuiz, og sjølv om det skjer på 1. april er det slett ingen aprilspøk.


Fjord1: Rute 46 i normal drift frå kl 22.30

Jon Olav Ørsal Måndag 23. mars 2015

Etter at rute 46 Kvanne  – Rykkjem har vore innstilt frå 19.30-tida, er det no normal drift frå kl 22.30.  Det må likevel påreknast noko forsinkingar.