Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fenomenal konsert – aldri høyrt makan!

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2015

Det vart ein fenomenal konsert på Gammelfabrikken onsdag kveld , og over 150 nytta høvet til å få med seg denne happeningen. Og det er da heller ikkje kvar dag ein får ein slik artistgalla på scena – her stilte nemleg  Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville på scena på ein og same kveld! Og du kan snakke om stinn brakke! Publikum var med frå første tone, og gjennom 2 ½ time – heilt  til ekstranummeret var slutt.

Førestillinga var delt  i to avdelingar, med ein kort pause mellom. – Første avdeling var med produksjonar som er laga tidlegare, medan siste avdelinga var produksjonar som var laga under seminaret på Todalshytta – den ferskaste var bare nokre timar gammal da den var framført på Gammelfabrikken.  Det var tekster skrevet i Gapahuken i Fosstrøin, på suiten til fru Phillips på Todalhytta og på Ishuslemmen. – Ferskt og aktuelt og til svingande tonar – litt av ein kveld!

Dette var altså ”Raus 2015” – vi har alt begynt å gle oss til raus 2016! Her kan du sjå bilder frå konserten på Gammelfabrikken.  Alle bilder: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 4. juni 2015, 08:00