Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jubilerte med fullsett storsal

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juni 2015

Einy Rendal Elgsæther ønska fullsett sal i Todalen ungdomshus velkomen til 170-årsjubileum. – Vi hadde så lys til å feire dette skikkeleg og har invitert gjestar frå både fjern og nær for å feire saman med oss.

Foreninga har i dag berre 9-10 aktive medlemar, men det la ingen dempar på feiringa, sa Einy, så i sin velkomsttale ga oss eit historikk tilbakeblikk. Foreninga har protokollar heilt frå starten i 1845, og vi tykkjer det er eineståande att dette er teke vare på – rett og slett eit klenodium.  Ho helsa og frå Margrete Hals, ledar gjennom over 40 år,  som i dag er på Stangvik aldersheim og ikkje kunne delta i feiringa. Hennar høgaste ønske hadde vore å delta på festen – men ho helsa til alle.

Medlemstalet har gått nedover, men vi har den siste tida fått nokre nye medlemar og er nok liv laga – har i dag medlemar mellom 30 og 90 år. Todalen misjonsforening vart starta berre 3 år etter NMS vart starta, og var på den tida einaste foreninga i Todalen – hadde over 100 medlemar. Foreninga var den gongen ein viktig faktor for det åndelege liv og bygda. Seinare er laget slege saman med sjømannsmisjonen.  Det finnes rekneskap og referat frå dei fleste åra, og har vore halde regelmessige møter der det har vore andakt og elles handarbeid og utlodding til inntekt for saka.

Todalskoret og åsskard kyrkjekor bidro med flott korsong.  Foto: Jon Olav Ørsal

Jubileet samla full sal i Todalen  ungdomshus, og kunne by på eit rikhaldig program, med mykje song og musikk.  Todalskoret og Åsskard kyrkjekor deltok med to avdelinga med korsong som vart leia av dirigent Bernt Bøe, som hadde spesiell fokus på nye salmar frå den nye salmeboka.

 

Kamerunmisjonær og sokneprest Finn Ove Kaldhol heldt festtale, og helsa frå den store misjonsfamilien som i dag er NMS region Møre. Han sette arbeidet på misjonsmarka i eit historikk perspektiv og ga uttrykk for kor viktig støtta frå lokale foreningar, eller ”grasrota” som han sa, er for misjonsarbeidet  både ute og heime .

MisjonæraaseNeergaard_8866

Åse Neergaard helsa frå misjonsmarka i Etiopia. Foto: Jon Olav Ørsal

Misjonær Aase Neergaard helsa frå misjonsmarka og fortalte om resultatet som er oppnådd i det arbeidet som Todalen misjonsforening har støtta gjennom 170 år. Ho har jobba på misjonsmarka i over 40 år, og trefte seinast i påska på 3. generasjon som har hatt glede og nytte av den støtta som dei har fått, mellom anna frå foreninga her.

Elles var det mange helsingar, – Rannveig Kaldhol helsa frå NMS Møre og overrekte gåve.  Lars Polden helsa frå fellesrådet – dei andre sokna i nærområdet, og sokneprest Bernt Venås helsa frå kyrkja. Elles var det helsingar i tur og orden frå naboforeninga og andre, og spesielt sett Einy pris på gåva til misjonsarbeidet frå festlyden. Den kom på nær 13.000 kroner som nok kjem godt med.

Einy har skrevet eit samandrag av historia til Todalsen misjonsforening – den kan du lesa her.

 

Publisert: 7. juni 2015, 10:10