Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ventetida snart slutt!

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juni 2015

I dag er det ei veke att til laksefisket startar i Toåa.  Det er knytta stor spenning til årets sesong, etter fjorårets sesong på det næraste var ein katastrofe for laks- og sjøaurefiske både i Toåa og dei fleste andre elvane i heile Midt-Norge. Men litt optimisme rår likevel…

laksefiske_8877

Utsikt frå Brusetbrua og oppover – fine hølar for laksefiske. Foto: Jon Olav Ørsal

Grunnen til optimismen er at det er ein god del snø att i todalsfjella og i Trollheimen. Situasjonen for eit år sia var ein heilt annan, for da var vørløysing på det næraste ferdig på denne tida, samtidig som det var lite nedbør utover forsommaren. Det siste døgnet har vassføringa ved målestasjonen i Storfossen vore mellom 22-35 m3/sek, og har i fleire dagar variert mellom 10-15 m3/sek.  Langtidsvarslet spår framleis regnbyger og 8-10 varmegrader, og det vil nok drøye snøsmeltinga i fjella utover juni og gi fine tilhøve for laksefisket, trur Ola Bruset, ledar i Todalen elveeigarlag.

Du finn meir info om laksefisket i Toåa på heimesida til Todalen elveeigarlag – www.todalslaks.no

 

Publisert: 8. juni 2015, 11:21