Hjort med misdanna klauver?
Kristen Bruset har sendt oss nokre hjortbilder han tok i dag tidleg, da han passerte Høyemekra. Når han studerte bilda etterpå, oppdaga han at den eine hjortkolla ser ut til å ha misdanna klauver.
Vi fann 9105 artiklar i dette arkivet.
Kristen Bruset har sendt oss nokre hjortbilder han tok i dag tidleg, da han passerte Høyemekra. Når han studerte bilda etterpå, oppdaga han at den eine hjortkolla ser ut til å ha misdanna klauver.
I august 2014 reiste eg og Liv Ingrid Bævre Helgetun frå Noreg for å oppleve livet på New Zealand. Eg fortalte om fyrste del av eventyret vårt i eit reisebrev i desember. Dette er kva som skjedde på siste del av turen. Det er eit svært imøtekommande folk vi har fått møte her på New Zealand, venlege og inkluderande menneskje har fylt reisa vår. Ein skulle trudd at jul og nyttår på heilt feil side av jorda utan familie skulle bli einsam og full av heimlengsel. Men da skulle ein ta feil. I sommarvarme var både jul og nyttår feira med stor suksess i hovudstaden Wellington.
Tre rindalinger fra Børsetgrenda la søndagsturen til Todalen den 19. april. Vi kjørte til Todalshytta og gikk først opp på Storhaugen. Derfra ruslet vi ned til Småhjellan og videre langs Toåa til Bruset og tilbake til Todalshytta.
Onsdag kl 13 er det ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset. Denne gongen er det nasjonalretten kjøttkaker som står på menyen, fortel Karen Johanne Talgø på kjøkkenenet. I tillegg til middag serveres det dessert og sjølvsagt kaffe.
Det er behov for fleire dommarar til sesongen starta. Det planlegges no eit dommarkurs i regi av I.L. Søya. Har du lyst til å «bli med på laget» så er det berre å melde din interesse hos leiar i fotballgruppa i T.I.L., Knut Bergli. Send SMS eller ring Knut på tlf 905 91 555.
Det var til tider lang kø under sildballdagen i ungdomshuset laurdag. Det var Todalen I.L. som inviterte, og jammen var det respons på den invitasjonen. Kjøkkengjengen starta alt fredag kveld med førebuingane og storstila potetskrelling og laurdag hadde dei alt klart til gjestane kom i 15-tida. Dei var litt usikker på det endelege gjestetalet, men dei konkuderte med at minst 70-80 hadde vore innom for å kjøpe ball.
Eitt av bilda frå Todalen historielag sin runde i Øyagrenda viser 17.maitoget på veg opp Ungdomstubrekka i 1949. Reidun Østvik har sendt oss litt utfyllande informasjon om dette bildet frå 1949. Ho skriv: De 5 første var årets konfirmanter: Leif Hoelsæter (Gammelskolen), Annbjørg Jørgensen (Lykkja), Ola Ansnes, Lisbet (Ørsal) Ranes, Reidun (Talgø) Østvik og Leif Søyset. Mary Krangnes kan jeg ikke se. Hun var den sjette, men begynte på skolen året etter oss.
Måndag 27.april kl. 18.00 blir det vårdugnad på kyrkjegarden, melder Todalen sokneråd. Det er mange ulike oppgåver og det trengs folk med rive, trillebår, spett og spade! Ta med høveleg hagereiskap. Det er behov for å rette opp skeive gravstøtter, samt rydding etter vinteren.
Snart er det klart for årets happening for dei som skal konfirmerast, sjølve konfirmasjonsdagen. Konfirmantane har jamnleg hatt undervisning i samband med den kommande seremonien, og er no inne i aller siste fase. Så når det er gudsteneste i Åsskard kyrkje førstkommande søndag kveld, er det med unge aktørar i teneste. Her vil konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard utføre både liturgi og musikk.
Fredag pågår det vasking av Svinvikstunellen – med tilhørande raud blink i varselanlegget – og varsel om stengt tunell. Folk saknar imidlertid informasjon om dei skal vente for å bli slept gjennom puljevis, eller alternativ løysing å kjøre gammelvegen. Alternativet med gammelvegen er nok velkjent for lokalkjente, men tilreisande vi har fått melding frå har ikkje kjent dette […]
Laurdag 18 april blir det balldag med ekte sildball i ungdomshuset, fortel John Moe, som er initiativtakar til arrangementet. Med Åse Redalen som sjefskokke vil gjengen på kjøkkenet servere ekte sildball etter gamle oppskrift og med «fullt» tilbehør. Det blir servering av sildball frå kl 15 og utover så langt det rekk, og «kokkelauget» satsar på at det skal bli […]
I 2009 gjorde kommunestyret vedtak om å revidere alle bygdebøkene i Surnadal kommune. No er den første boka snart klar – den nye bygdeboka for Todalen kjem ut i midten av november 2015. Denne boka dekkjer området Åsbø, Nordvik og Todalen og vil koste 550 kroner.