Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangtur til Honnstadvatnet og Soggnebba

Vidar Sogge Fredag 26. juni 2015

Torsdag 25. juni er Soggnebba målet for stavgangturen.  Trass i ein skytung himmel med etter kvart lett regn, startar om lag 30 stavgangarar på turen opp til Honnstadvatnet. Dei fleste gav seg att ved vatnet, medan ei mindre gruppe gav seg i kast med fleire motbakkar, og i lett regn fortsette dei opp til Soggnebba. Dei fekk løn for strevet ved å få oppleva ei fantastisk utsikt frå toppen av Nebba.

Neste torsdag går turen frå Kårvatn til Myrvang og Nauståfossen, med fammøte på parkeringsplassen på Kårvatn. Den som ønskjer, får skyss til Myrvang. Bakels med graut, og i tillegg får vi felemusikk av Torgeir Leivdal med høve til ein svingom på vollen. Ta med stolar!

Bildegalleri frå turen til Honnstatdvatnet og Soggnebba.  Alle foto: Vidar Sogge

 

Publisert: 26. juni 2015, 18:20