Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KNALL TODALSDAG!!

Elinor Bolme Laurdag 27. juni 2015

Nok ein gong kan Todalen IL sjå tilbake på ein vel gjennomføret todalsdag med ypperlege verforhold til dei mange hundre frammøtte på Bordholmen Stadion. Her var det full fart for knøttespelarar, miniar og lilleguttar på fem banar til ei kvar tid.

Utanfor banane var det også mykje og ta seg til med. I redskapshuset var det også i år loppemarked, og Borghild Talgø og resten av trimgruppa var overveldande over besøket, og ikkje minst handelen. Også i kiosken og hos grillarane var det stor pågang heile dagen, og det må nok nemnast at det ikkje var mykje å velge i etter at dei fleste tilreisande vendt nasen heimover. Smakfull thaimat og tradisjonell grilltallerken var populært blandt deltakarar og tilskuarar.

Midt på dagen gjekk Ræta opp, dette kjem vi tilbake til med eige sak og mange bilder frå. Her var det også i år Håvard Gjeldnes som knuste motstandaraen.

Todalen IL får inn godt over 100 ooo kroner på denne dagen, på Bordholmen. Tek dei med forhandssalget av Todalslotteriet passerer dei totalt 130 000 kroner. Pengar som kjem godt med i eit lite idrettslag med mange hus og anlegg å halde i orden. Mange har lagt ned ein uvurdeerleg innsats for laget dei siste dagane!

Under er eit bildegalleri frå dagen sett gjennom ElinorB si linse og lengst ned eit galleri frå Jon Olav.

Først publisert: 27. juni 2015, 20:48 - Sist oppdatert: 28. juni 2015, 01:51