Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9098 artiklar i dette arkivet.


Markerte arbeidaranes dag i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mai 2015

1. mai vart arbeidaranes dag skikkeleg markert i Surnadal kulturhus, der Surnadal Arbeidarpati kunne bu på både kulturelle innslag med Surnadal Hornmusikk og Tordenskjold Songlag. Dagens hovudtalar var partiet eigen, ordførar Lilly Gunn Nyheim og i tillegg hadde Rindal Aps ordførarkandidat Line Therese Flåtten politisk appell.


23 på stavgangtur til Halset

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mai 2015

Stavganggruppa er forlengst i gang med sine utflukter, og det er utruleg bra deltaking på turane dei legg opp. Sist torsdag (30.4.) var turen lagt til Halset i Todalen, og vi har fått bilder og litt info frå Reidar Østvik, som fortel at det var 23 deltakarar som hadde ein fin dag saman i førsteklasses turvêr.


Stikk UT! – Storhaugrunden er no ferdig skilta og klar for trim!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. april 2015

For andre året på rad er Surnadal kommune med StikkUt-prosjektet til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. 2015 er «Friluftlivets år» og fokus er å framheve den positive effekten friluftsliv har på folkehelsa. Nytt StikkUT-mål her i Todalen er Storhaugen.


Torsdag: Stavgang til Halset

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. april 2015

Stavganggruppa har forlenst starta sesongen – den 23. aril var det sesongstart til Skrøvset i Bøfjorden og neste turopplegg er til Halset. Det skjer alt torsdag 30. april med oppmøte på Halset til vanleg tid kl 13. I innbydinga står det at vêret avgjer turen vidare.


Triveleg ti-kaffe…

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. april 2015

Tysdag inviterte elevane ved Todalen skule familie, vener og bygdefolk til ti-kaffe. Det vart eit riktig kjekt og hyggeleg kaffelag!
Elevane hadde lagt mykje arbeid i arrangementet. Ungane i storskulen hadde først laga fin invitasjon og sendt ut. I mat og helse hadde dei baka sjokoladekake og pynta, og bakels vart steikt like før gjestene kom. Elevane i tredje og fjerde trinn stilte med nybaka kefirkake, og dei dekte bord. Første- og andre-klassingane hadde plukka kvitsymre, og dei stod også for bordpyntinga. Alle kaffebrøda smaka fortreffeleg!


Inviterer til 170-årsjubileum!

Einy Rendal Elgsæther Måndag 27. april 2015

Laurdag ettermiddag 6. juni inviterer Todalen Misjonsforening til 170-årsjubileum. Det skjer i Todalen ungdomshus, og alle som vil delta er velkomne. Misjonskonsulent Janne Bjune og misjonær Åse Neergaard vil delta. På programmet står song, servering og gåve til misjonen og det blir høve til helsingar, og sjølvsagt gratis inngang.


Stas med ny sykkel

Jon Olav Ørsal Måndag 27. april 2015

Måndag fekk Todalen barnehage besøk frå NAF Indre Nordmøre. Det var Einar Grønnes som stakk innom med ein ny fin sykkel til barnehageborna, og det vart stor stas, og sjølvsagt vart det kø for å prøvekjøre det nye vidunderet.


Runda av sesongen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. april 2015

Søndag var siste kveld med sjakkspel på Matkroken for denne sesongen. Oppmøtet var da også prega av at det er vår, og mange andre aktivitetar som ligg føre. Men det vart da tre lag som vart med på siste runden og samtidig vart det tid til å diskutere opplegget for neste sesong….


Tjuvstart på sesongen på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 26. april 2015

Turistsesongen med døgnope på Todalshytta blir det frå 15. juni, men Eric Malling fortel at det blir ein tjuvstart alt frå månadsskiftet mai/juni med kjendisgjestar på hytta. Elles er både ny grill og ny oppvaskmaskin på plass på Todalshytta.


Ny generasjon slept «ut på livet»…

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. april 2015

Denne veka er det sett ut ein ny generasjon med smolt i Toåa. Både 1-årig og 2-årsig smolt vart sett ut, og det skjedde i Brusetmarka i området ved Steinutgarden. Her blir dei sette ut i små merder, slik at dei kan aklimatisere seg før dei sleppes på livet i Toåa og seinare finn vegen ut i havet for å vekse seg store og sterke…


Sjekk om du er ein vinnar…

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. april 2015

På sildballdagen sist laurdag hadde Todalen idrettslag eit lotteri, der det var eit Hagemøbelsett i rotting som hovudgevist. Loddsal var det også på «jaktkvelden» på tysdag, der lars Olav Lund tok oss med på tur til Antarktis. No har det vore trekning i lotteriet, som i tillegg hadde 9 andre gevinstar. Trekningslista finn du dersom du klikkar deg vidare…..


Sølvtine for godt mjølkestell…

Jon Olav Ørsal Fredag 24. april 2015

På årsmøtet til Tine SA i Lillestrøm vart det delt ut sølvtine for samanhengande levering av elitemjølk i 15 år til Olaug Kvendset og Asgeir Longva frå Todalen. Det er ei utmerking som heng høgt, og i Surnadal kommune var det berre 2 bruk som fikk denne utmerkinga. Dei andre som fikk denne utmerkinga var Anne Kari Indergård og Magne Sollid som bor i Bæverfjord.