Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Terje Nordgarden – tilbake i Todalen for å halde konsert

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Terje Nordgarden er «komen i hus» på Todalshytta, klar for friluftskonsert på bakkan framfor hytta laurdag kveld.  Denne gongen har han teke med familien, kona Sabrina og dotra Maya på 3 år, for å ta fri nokre dagar og nyte todalsnaturen. Terje var her på låtskrivarseminar for ein månadstid sia, og vi fekk da eit par smakebitar med han under felleskonserten på Gammelfabrikken – Raus 2015.

Terje trives godt på Todalshytta, og etter ein travel vår så gler han seg no til å koble av nokre dagar i Todalen, saman med familien. Familien flytta forresten attende til Norge etter 4 år på Sicilia, og bor no på Vålerenga i Oslo. Sjølv er Terje opprinneleg frå Hamar, og kona Sabrina frå Sicililia.

Familien_Nordgarden2015_0417_L

Familien Nordgarden – Maya, Terje og Sabrina på Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølv om vêret har vore litt surt og kaldt fredag, så er det betring i sikte. Ettter meldingane på Yr.no så vil nok gradstokken nærme seg 20-talet på laurdag ettermiddag, og vi gler oss berre på ei ny konsertoppleving inn i solnedgangen framfor hytta her, seier Eric Malling som er vertskap på Todalshytta og konsertarrangør laurdag kveld. På Todalshytta opnar dørene kl 19 og konserten startar kl 20. Vi har ein enkel meny som vil bli tilpassa vêret denne kvelden, seier Malling til Todalen.no.

Om Terje kan vi seia at han er ein erfaren «one man band»-musiker, og har flere ganger reist rundt i europa med musikken sin. – Han er ein musikant av stort kaliber som det er verdt å ta turen for å høyre, seier Eric Malling, som håper at Todalshytta kan by på ein unik «seanse» med Terje Nordgarden. Billett kan du kjøpe på Matkroken Todalen eller ved inngangen. Her finn du ein smaksprøve – klikk på linken!

 

Publisert: 10. juli 2015, 16:56