Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du ein gamal «Snøgg» eller «Svalen»

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

I dag fikk eg uventa besøk frå Åndalsnes. Det var Magnar Øverland frå Vestnes som stakk innom, på ein rundtur i distriktet for å samle gamal sykkelhistorie. Det har seg nemleg slik at min bestefar, Olav O. Halle, dreiv med montering, salg  og reparasjonar av syklar. Sykkelentusiasten Øverland var på søken etter meir informasjon om og eventuelt gamle syklar med merket påmontert.

Han hadde fått tak i eit meir eller mindre heimlaga merke, som det er bilde av på sida her, som han har fått tak i på Drøppingstranda for nokre år sia. Tilsaman har Øverland samla rundt 825 forskjellige merke, men han trur det finnes det dobbelte antal rundt om i landet.

Snøgg_O_Halle_Sykkel_3376

Det står i årsskrift nr 3 at bestefar bruka eit merke som heiter Svalen, men det er registrert på ein produsent i Oslo, og dette firmaet var kanskje leverandør av deler til bestefars sykkelproduksjon? Både undertekna og ikkje minst sykkelensamlaren Magnar Øverland er interessert dersom nokon har gamle syklar med enten Snøgg eller Svalenmerke på. Da er det topp interessant å få kontakt, slik at vi får teke eit bilde av sykkelen. Magnar Øverland kan nås på telefon 907 80 807  og Jon Olav Ørsal på 913 38 020.

Publisert: 6. juli 2015, 19:47