Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med Stikk UT!

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. juli 2015

Stikk UT-opplegget til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal fører til stor trimaktivitet. Her i bygda er det to trimpostar, ein på Storhaugen og ein ute i Gammelvegen. Søndag 5.juli var det registrert 468 turar på Storhaugen, og i boka for Svinvikrunden er det notert heile 924 turar frå første mai og fram til no! Det må seiast å vere svært bra når ein tenkjer på alle dagane vi har hatt regn og skodde denne sommaren. Trimmarane kjem frå heile Nordmøre og også ein del frå Romsdal. Det er mange som nyttar dette oppleget med godt merka turruter til både å bli kjent på nye plassar og til å trimme. Eit flott tiltak!

IMG_5699

Oppstart for tur til Halskammen er like ved Solhøgda i Ålvundfjord. Foto: D.J.H.

IMG_5733

Frå Halskammen kan turen gå vidare til Vardhaugen og Stortuva. Foto:D.J.H.

I nabobygda Ålvundfjord er det to fine Stikk UT-postar: Halskammen og Ålvatnet/Seljbøvatnet. Turen til Halskammen startar ved ein parkeringsplass rett nedanfor Solhøgda. Ruta går til dels etter grasvokse traktorveg og til dels etter godt synleg sti – det er berre å følgje raude merke. Oppe på toppen er det fin utsikt, og viss ein er riktig sprek, kan ein ta turen vidare opp på Vardhaugen eller Stortuva. Halskammen ligg på ca. 390 m.o.h, men stigninga på turen er 330 meter.

IMG_5737

Kammen ligg rett opp for Halsgarden i Ålvundfjord. Foto: D.J.H.

IMG_5720

Frå Halskammen er det utsikt mot Neslandet og Nesøya, og Mulvikknuken uti Ålvundfjorden. Foto: D.J.H.

Den andre turen til Ålvatnet er svært lett og rask. Her er det skilta parkering ved Seljebøsaga. Turen går for det meste etter ny skogsbilveg. Berre dei siste 200-300 metrane går ein etter raudmerka sti. Ålvatnet eller Seljebøvatnet ligg 153 m.o.h. Ved Ålvatnet er det riktig så idyllisk med utsikt mot Kalkinn på Sunndalsøra, og på vestsida av vatnet ligg Meraftehaugen, Smisetnebba og Storhaugen. Og i vatnet spratt det mykje fisk.

IMG_5755

Ved Ålvatnet er det både bord, bålpanne og ved. Ved bordet sit ålvundeidingane Kari og Øystein Stavik. Foto:D.J.H

Da er det berre å stikke ut til nye turmål!

IMG_5721

Utsikt frå Kammen mot Nordvik, Åsbøsnyta og Lykkjebygda. Foto: D.J.H.

IMG_5715

Kvennaferjå kryssar fjorden. Litt disig, men kunne sjå langt utover fjordane. Foto: D.J.H.

 

Først publisert: 6. juli 2015, 12:09 - Sist oppdatert: 7. juli 2015, 13:45