Kvar tysdag blir det servert potetball på Todalshytta. Dagens ball smaka riktig så godt, og det var både rikeleg og godt tilbehør! Gjestene kosa seg med god mat, og i tillegg vart det triveleg prat og sjølvsagt litt diskusjon.

Tre karar som kosa seg med god mat og triveleg prat.Frå venstre Hans Gundersen, Jon Bruset og Terje Nordvik. Foto: D.J.H.
Eric Malling stod for serveringa, medan Jan Larsen var ny assistent på kjøkkenet. Han er flink til å lage mat, og han kombinerer matlaging å Todalshytta med litt fiske i elva.
Ein familie frå Heimdal stakk og innom, dei ferierer for tida ute i Årnestrøinn. I styggeveret tok dei seg ein todalstur medan dei ventar på badever.

Denne «storfamilien» frå Heimdal stakk innom Todalshytta. Fremst Einar og KirstenTesaker. Bak frå venstre: Karen Kvikkstad, Johanne Bakken Moe, Guro Tesaker, Ingeborg Pukstad. Foto: D.J.H.