Jubilerte med fullsett storsal
Einy Rendal Elgsæther ønska fullsett sal i Todalen ungdomshus velkomen til 170-årsjubileum. – Vi hadde så lys til å feire dette skikkeleg og har invitert gjestar frå både fjern og nær for å feire saman med oss.
Vi fann 9163 artiklar i dette arkivet.
Einy Rendal Elgsæther ønska fullsett sal i Todalen ungdomshus velkomen til 170-årsjubileum. – Vi hadde så lys til å feire dette skikkeleg og har invitert gjestar frå både fjern og nær for å feire saman med oss.
Dei to blide damene satt på butikken for Superlotteriet til Todalen idrettslag – det tradisjonelle lotteriet som har trekning under Todalsdagen. Loddselgarjobben skal gå på omgang fram til Todalsdagen som arrangeres 27. juni – altså om 3 veker.
Vårturen til Melhus hagelag gjekk i år til Todalen. Viktigaste post på programmet var besøk i arboretet i Svinvika, men dei tok og turen rundt om i Todalen. Leiar i Melhus hagelag er Ingjerd Melhuus, ho voks opp i Steinarstua i Todalen. Ho kunne fortelje at Melhus hagelag har god aktiviet og om lag 60 […]
Denne helga går søndagsturen til Svinvika, og blir ein runde i Gammemelvegen. Da har du også ein ypperleg sjanse til å besøke Svinviks arboret i same slengen. Der er blomstringa på topp no, og heile hagen står i full flor. Her kan du også ta deg ein kaffepause i arboretet kaffeteria.
Torsdag kveld arangerte trimgruppa tur med både lokalhistorie, trim og triveleg sosialt samver. Veret var ikkje det beste, men tretten deltakarar vart med på ein interessant tur!
Venner av Skulstuå inviterer til musikalsk aften onsdag 10.juni kl. 20.00 i Skulstuå. Tre habile trekkspelkarar underheld både med fengande musikk og ikkje minst gode historier mellom kvar melodi! Odd Arne Halaas (med aner frå Todalen) og Konrad Nerland har begge spela i Skulstuå tidlegare, og gler seg til å koma att!
Det vart ein fenomenal konsert på Gammelfabrikken onsdag kveld , og over 150 nytta høvet til å få med seg denne happeningen. Og det er da heller ikkje kvar dag ein får ein slik artistgalla på scena – her stilte nemleg Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville på scena på ein og same kveld! Og du kan snakke om stinn brakke! Publikum var med frå første tone, og gjennom 2 ½ time – heilt til ekstranummeret var slutt.
Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle
Alf Bretteville og Johanna Demker hadde etablert seg med gitar og PC i sjølvbetjeningsbua i Ishuset da vi stakk innom Todalshytta på tysdag – godt i gang med skrivearbeidet og serverte smaksprøver – og klimpra på gitaren attåt. Det var faktisk Johanna som hadde fått ideen til å dra til Todalshytta i lag med fleire kollegaer
Vi har tidlegare omtala boka om «Søyådalen» som hadde premiere i Bondehuset i Stangvika i helga. Den offisielle salsstarten er onsdag 3. juni, og den dagen vil dei tre forfattarane bli å treffe på NMS Gjenbruk (Landbrukshuset) på Skei frå kl 12.00 og utover dagen. Da er det berre å stikke innom og kjøpe boka – og […]
Etter et hvileår i 2014, hvor det ikke ble arrangert hagelagstur, var Surnadal Hagelag igjen på «banen» i år. Vanligvis har disse turene vært arrangert på lørdag, men i år ble det søndag
31. mai. I overkant av tjue hageentusiaster entret bussen ved kommunehuset, med avreise fra Skei kl 0700. Værutsiktene var ikke de beste, og underveis var regnelingene stadig frampå.
Det er ikkje kvar dag det er hus til salgs i Todalen, men i dag finn vi faktisk eit bolighus på Finn.no som er lokalisert til boligfeltet i Husbygrenda. Det er Bjørnrud som no er lagt ut for salg, med ei prisantyding på 1.190.000. I tillegg til hovudhuset er det med garasje og uthus på den 1872 m2 stor sjølveigartomta.