Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hitratur på ein måndag…

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juli 2015

Ferietid og ein finvêrsdag må nyttast til noko konstruktivt – måndag vart det ein impulsiv tur til Frøya og Hitra. Egentleg ein litt lang dagstur, med litt over 50 mil på kilometerteljaren – men det vart ei fin oppleving. Det er veldig flott natur på Hitra og Frøya, og etter at det vart tunellar slepp du iallfall å bekymre deg for ferjetider og bortheft med ferjekø. – Og jammen har dei mykje fin natur å by på.

Du må gjennom 2 tunellar for å kome til Frøya – først Hitratunellen som er på 5645 m og går ned til 264 m under havflata og opna i 1994 og så Frøyatunellen som er på 5305 m og går ned 164 m under havflata – som vart opna i 2000.

Vi tok ein rask rundtur rundt øya og eit av måla med turen var å sjå minnesmerket etter Titranulykka som skjedde 14. oktober 1899, da 140 fiskarar omkom på sjøen utafor Titran. Det var folk frå heile kysten på vestlandet og Trøndelag som var der på fiske. Minnebautaen står ved kapellet like ved sentrum av Titran. Den gongen var ikkje vërmeldinga sett i system og fiskarane fikk inga åtvaring om uvêret som var i anmarsj.

Det vart også ein tur innom Hopsjøbryggja på Hitra – med middag og einj velfortjen pause før vi tok på heimtur via det nye – og imponerande – hamneanlegget som Hitra kommune byggjer ut.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå turen – litt av ein natur dei har å by på!   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. juli 2015, 23:09