Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pensjonistlaget feirer i august …

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juli 2015

Surnadal pensjonistlag vart stifta i 1975, og rundar dermed 40 år. Dette skal markerast med høgtideleg  jubileumsfeiring for medlemane og innbedne gjestar i skyttarhuset på Angråmyra den 26. august. Til  jubileet er det laga eit flott jubileumsskrift, der historia til Surnadal pensjonistlag er samla mellom to permar. I jubileumsskriftet oppfordrar leiar Johannes J. Vaag fleire til å bli med i pensjonistlaget. Det er i dag rundt 150 medlemar, og i ein periode har medlemstalet vore i tilbakegang.

På jubileumsfesta vil det bli eit rikhaldig program med mykje song og musikk, mellom anna vil Konrad Nerland gjennom song, opplesnad og trekkspelmusikk tolke Jacob Sande sitt liv og lagnad.  Festtalen er det leiaren i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, Jacob Strand som vil halde.
Påmelding innan 8. august 2015 til Lisbet tlf 71661043 eller Brit 71663598, melemar betaler kr 150. Program og info om påmelding til festa finn du her!

Vaag understreka vidare at pensjonistlaget har ein viktig funksjon, og er med og formar framtida for dagens pensjonistar. I tillegg bidreg laget til at medlemane har det triveleg saman, mellom anna på turar dei arrangerer. Pensjonistlaget spydspiss dei siste åra har vore Stavganggruppa som i sommarhalvåret arrangerer trimturar kvar veke. Det er både sosialt og ikkje minst er det folkehelse i praksis. Pensjonistlaget er representert i fleire råd og utval, og dei arbeider kontinuerleg med spørsmål knytt til pensjon, helse- og omsorgstenester, noverande og framtidige institusjonsplassar, transportspørsmål, samt kultur- og velferdstiltak for medlemane.

Starten for Surnadal pensjonistlag skjedde 24. februar 1975, med tidlegare stortingsrepresentant Anders Sæterøy som den første leiaren. Pensjonistlaget har hatt vekslande medlemstal gjennom den førti år lange perioden – med rundt 240 medlemar på det meste, medan medlemstale i dag altså er rundt 150. Men laget har ein sunn og god økonomi.

I jubileumsåret er Surnadal pensjonistlags leiing samansett slik:
Leiar:                    Johannes J. Vaag
Nestleiar:             Jorunn Ness
Sekretær:             Brit Nordvik
Kasserar:             Lisbet Ranes
Styremedlem:     Ole Flessen
I tillegg er leiar for stavganggruppa Reidar Østvik og leiar for turgruppa Olav Jostein Holten.

Først publisert: 17. juli 2015, 05:00 - Sist oppdatert: 16. juli 2015, 23:05