Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9101 artiklar i dette arkivet.


Svorka Aksess blir Svorka Bredbånd

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2015

I en pressemelding vi har fått i dag melder daglig leder Håkon Solvik om navneendring for Svorka Aksess, som nå blir hetende Svorka Bredband. Solvik sier at det er ingen dramatikk i navneskiftet, men at det nye navnet skal gjenspeile virksomhet, som er å tilby bredbånd via ulike teknologier, i langt større grad. Navneskiftet får derfor ingen betydning for hverken kunder, leverandører eller samarbeidspartnere forøvrig.


Startar på med sjakk igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. september 2015

Søndag kveld er det klart for ny runde med sjakk igjen på Matkroken, fortel Trygve Halle. Det var stor interesse for sjakk sist vinter, med turnering og stor finale i ungdomshuset i påska. – Etter ein lang sommarfeie håper vi at mange er furkunn på litt sjakkspel og møter opp i kaffekroken på Matkroken komande søndag kl 19.30.


Stamfisket etter laks er ferdig – fikk raritet i garnet

Jon Olav Ørsal Måndag 21. september 2015

Todalen elveeigarlag er ferdige med årets stamfiske etter laks. No er genprøvar frå dei 21 laksane som er fanga til testing og vi håper at alle blir godkjent, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Stamlaksane er no plassert i store vasskar i stamlakshuset og ventar altså på dommen frå gentestane. Prøvane blir grundig testa for å finne ut om dei har gener frå todalslaksen og med tanke på helsetilstand og eventuelt slektskap. Under stamfisket fikk dei også ein langvegsfarande raritet i garnet….


Torsdag fyller Lisbet 100

Jon Olav Ørsal Måndag 21. september 2015

Torsdag kan Lisbet Halle feire 100-årsdagen sin. I dag bur ho på Surnadal sjukeheim, men på torsdag har ho tenkt seg heim til Austistua for å feire dagen saman med slekt og vener.


I dag: Ungdomen vår, ikkje bra nok?

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. september 2015

Norske Kvinners Sanitetsforening har kvart år ei temaveke, og i år er temaet «Kamp mot skjønnhetstyranniet».  Dette er eit viktig tema meiner  sanitetskvinnene Cathrine Gujord og Elinor Bolme, og i Halsa og Surnadal vil dei spesielt ha fokus mot dei unge. For å få informasjon og debatt om emnet har sanitesforeningane i Halsa og Surnadal […]


Synleggjorde det lokale brannvernet

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. september 2015

Det lokale brannlaget på Kvanne markerte på sin måte slutten på ei aktiv brannvernveke i Surnadal kommune. Tidlegare i veka hadde skulen i Todalen besøk frå det lokale brannvernet i Todalen, og no var turen komen til det lokale brannvernet på Kvanne. Dei hadde invitert både store og små for å vise fram brannstasjon, utstyret dei har og nytta høvet til å fortelje kva dei dreiv med. I løpet av dagen var eit 50-tal innom for å sjå og prøve – inkludert ordførar Lilly Gunn Nyheim.


Utfart til Iggeltjønna

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. september 2015

Denne torsdagen gikk stavgangturen til Iggeltjønna i Rindal. Iggeltjønna og området rundt er eit heilt suverent turområde og det er lett å sjå at det er lagt ned ein stor innsats for å skape eit slik flott friluftsanlegg som faktisk er mykje bruka gjennom heile året. Det går ein fin tursti rundt Iggeltjønna, og dei fleste tok runden før heile gjengen benka seg til kaffepause etterpå.


Gjer eit kupp på T-Komponent….

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. september 2015

Limtrefabrikken T-Komponent i Rindal er lagt ned, og avslutter fredag 18. og laurdag 19. september med eit gigantisk sluttsal. Her vil du finne store mengder limtre i assorterte størrelser og dimensjoner i tillegg til mange restevarer og andre varer frå Talgøkolleksjonane. Vi kan nemne bad servanter, hagemøbler og restevarer av vegg- og takpanel. Her har du ein unik sjangse – bla om og sjå flygebladet med alle tilboda…


Lilly Gunn fortsett i 4 år

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. september 2015

Lilly Gunn Nyheim fortsett som ordførar og Helge Røv blir varaordførar dei neste 4 åra. Det er klart etter at Arbeiderpartiet har gjort avtale med Framstegspartiet og Miljøpartiet om valteknisk støtte. Dermed er orførarkabalen i Surnadal på plass.  Ap har måttet love ein plass i formannskapet til Miljøpartiet, noko også Framstegspartiet ønska men ikkje har […]


Nyhus og Faukstad kosa seg i lag med publikum

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. september 2015

Fire konsertar i løpet av ein dag var programmet til dei to veteranane Sven Nyhus (83) og Jon Faukstad (71) tysdag. 3 institusjonskonsertar i Stangvika, Sunndalsøra og i Surnadal og runda av med open konsert med eit 70 publikumarar i Todalen ungdomshus tysdag kveld. Her kosa dei seg saman med publikum, jammen livna dei to gamle sirkushestane til da publikum tok seg ein svingom under konserten.


Tirsdagstur i Todalen og Gammelseterdalen

Tekst/bilder: HEF Onsdag 16. september 2015

Vi har hatt flere trivelige tirsdagsturer i Todalen. 15. september fikk vi oppleve Gammelseterdalen med Jon Bruset som kjentmann. Det ble en fin turdag med historiske minner mellom mektige fjell.


Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 15. september 2015

Denne veka har dei fokus på brannvern både i barnehagen og på skulen. I dag hadde dei besøk av Ivar Bolme frå det lokale brannvesenet. Han stilte med brannbil og utstyr – det var spennande! Elevane var engasjerte, og dei stilte mange gode spørsmål. Det var også viktig å få høyre korleis sirena let.   […]