Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott og stemningsfull julekonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 20. desember 2015

Todalskoret og Åsskard kyrkjekor hadde til årets julekonsert fått med seg orkester, både strykarar og blåsarar – og Tor Strand på orgel og piano. Kora var forsterka med Sigrid V. Bøe og Astrid Hyldbakk, og med dirigent Bernt Bøe på toppen så måtte det bli bra.

Øystein Moe var solist under konserten søndag. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Konserten starta med Alnæs sin ”Julemotett” med kor, orkester og allsong og så var det fullt juleprogram i stive 1,5 time, med fleire avdelingar og arrangement, med både solosong, instrumentalt, korsong og ikkje minst allsong. Vi kan nemne både ”Julverset” (B.Bøe), ”Julesongar frå Nordmøre” instrumental – her var både Todalen, Rindal, Ålvundeid, Gjemnes og Tustna representert – vidare ”Stille natt, heilage natt” og mange fleire.

Arne Dragsviks kantate ”I denne søte juletid” før avslutninga med ”Deilig er jorden” som sette ein verdig punktum for konserten. Dette ga totalt ein skikkeleg dose med julestemning, og vi vågar å tru at alle hadde den gode julefølelsen når dei tok på heimveg.

Bernt&Orkestret_5431

Dirigent Bernt Bøe, Trond Harald Saltnes, Odd Sonntag, Marte B. Stavrum, Ebba Ringmar, Kristoffer B. Gjærde og Ellesn Holmås. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Under konserten var Sigrid v. Bøe, Nora Bøe og Øystein Moe solistar, medan orkesteret bestod av Marte Belsvik Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Trond Harald Saltnes (fiolin), Odd Sonntag (fiolin), Kristoffer Bjerke Gjærde (bratsj) , Ellen Holmås (cello) og Tor Strand (orgel/piano).

DirigentBerntBøe_5429

Desember er ei travel tid for dirigent Bernt Bøe – og det toppar seg i romjula. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dirigent og primus motor for konserten, Bernt Bøe, har lagt ned ein kjempeinnsats med konsertar og arrangement no i julestrida – da dei var ferdige i Todalen skulle heile gjengen vidare til Åsskard kyrkje med same konsertprogrammet seinare på kvelden. Men det blir ikkje lange juleferien for Bernt før det ber til Nordvik på juletrefest 2. juledag og så går det slag i slag utover jula til nyttårsgudstenesta i Todalen er ferdig.

Eit lite bildegalleri frå konserten i todalen kyrkje på søndag.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 20. desember 2015, 21:18