Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H – Julemat til småfuglane

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. desember 2015

Start 4H har tradisjonar for sal av julenek, og laurdag var dei på plass ved Matkroken Todalen for å by fram varene sine . Dei opna «butikken» i 11-tida, og fekk straks kontakt med publikum som var på julehandel. Da vi var innom var det Erik Kårvatn og Sindre Bruset som dreiv julenekhandelen, og dei hadde kledd seg godt for å være ute uten å fryse.

4H_Erik_Sindre_5305

Kjøp deg eit julenek, oppfordrar Erik og Sindre. 4H hadde stand utafor Matkroken laurdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei var litt spent på om dei hadde nok varer, men dei kan i så fall ta i mot bestilling og sørge for at folk kan få juleneka bringa heim – og så støttar du Start 4H dersom du kjøper julenek av oss, fortalte Erik og Sindre.

Publisert: 19. desember 2015, 13:11