Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3. juledag får vi Rikets tilstand – no kan du kjøpe billetter…

Jon Olav Ørsal Måndag 21. desember 2015

No er billettane til  Todalen IL’s tradisjonsrike romjulsrevy lagt ut for sal på Matkroken. Årets julerevy går av stabelen 3. juledag – 27. desember – og er i år kalla for «Rikets tilstand» og ber sitt namn med rette, fortel revygjengen som vi trefte i ungdomshuset tysdag kveld og som no er i full gang med øvingane.

Milleniumborna_5269

4 av dei 5 «milleniumsborna – frå venstre Eirik, Ola og Emma. Attafor Jens Olav – den 5. er Oda Kårvatn. Ho var ikkje tilstades da bletet vart teke. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars Sæther fortel at det blir ein revy i god tradisjonell stil, og tradisjonen med gjesteartar fortsett – i år bys det på innslag frå Bøfjordrevyen. Ein fin tradisjon er det også at det blir satsa på ungdommen, og i år er det heile 5 debutantar, «Milleniumsborna», som deltek på revyscena. Han røper også nokra av titlane til revyinnslaga – ”Laksen på bordet”, ”Sildballs”, ”Byssan lull”, ”Rikets røst” – og fleire nye songtekster. Litt tå kvart, men mest humor dersom vi forstår hinta rett.

På rollelista finner vi kjente navn som Nils Ove, Laila, Anders, Torill, Carsten, Lars med flere. Årets julerevydebutanter, Millenniumsborna, kjem med både song, revynummer og dans. Arrangøren lover også god mat og drikke og Jo Sverre Sande er kapellmeister og skal sørge for at vi får ein svingom etterpå.

Årets julegåvetips er kanskje ei revybilett – høveleg gåve både for familie og venner – så her er det berre å «løp og kjøp» billett!

Billetter_RT2015

No er billettane i sal på Matkroken Todalen – løp og kjøp!

VanAdrian-2015

Kom på butikken og kjøp billettar til julerevyen, seier Van Adrian!

"Rikets tilstand" heiter årets julerevy.  Plakatdesign: Lillian Halle

 

Først publisert: 21. desember 2015, 22:09 - Sist oppdatert: 24. desember 2015, 00:41