Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rart desembervêr – men snart snur sola…

Jon Olav Ørsal Sundag 20. desember 2015

I dag skriv vi 20. desember, og det er berre to dagar til sola «snur» – 22. desember kl 5.49 er offisielt tidpunkt for Molde og det er vel nøyaktig nok til at vi kan henge oss på. Og det skal jammen bli godt når det igjen går mot lysare dagar!  Jon Bruset har sidan 1990 målt maksimum- og minimumstemperatur heime på Småhjellan. I år har han på blokka 5 dagar med maksimumstemperatur på over 10 varmegrader, men det er kanskje ikkje så unormalt….?

Jon har gjort eit dykk i arkivet, og her fann han ut at det blir vanskeleg å slå rekordane frå 2006 og 2013. Begge dei to åra hadde 13. døgn med max-temperatur over +10.  Rekorden frå heile perioden vart sett i 2000, med heile 16,5 varmegrader.

Tek vi med den lågaste desembertemperaturen i perioden så vart den noteringa gjort i desember 2010 med 19,9 kuldegrader. Det viser at det er store variasjonar i temperaturen, sjølv i julemånaden desember. Men vi trur at Jon Bruset skal «slite» for å få til rekordnotering for talet på døgn med max-temperatur på over +10 i år.

 

Publisert: 20. desember 2015, 11:57