Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9103 artiklar i dette arkivet.


I dag: Historielaget inviterer på ettermiddagskaffe…

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. januar 2016

Todalen historielag inviterer til den tradisjonelle og populære ettermiddagskaffen søndag 24. januar. Det skjer i Todalen ungdomshus frå kl 14.00 og utover dagen. Tema for ettermiddagskaffen denne gongen er «Du skal ikkje tru alt du ser!», og det er Einar Oterholm frå Halsa, som kjem til ungdomshuset med sitt kåseri denne ettermiddagen.


Soknerådet informerer om programmet for kyrkja

Jon Olav Ørsal Fredag 15. januar 2016

Todalen sokneråde har programmet klart for vinteren og våren 2016. Det startar med høgmesse i Todalen kyrkje søndag 24. januar, men høgdepunkta i programmet er nok friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag og konfirmasjonsgudstenesta på frigjeringsdagen 8. mai. Heile programmet kan du laste ned som PDF-dokument her.


Allsidig aktivitetsdag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. januar 2016

Torsdag var det aktivitetsdag for elevane ved Todalen oppvekstsenter på Bordholmen. Gradstokken viste minus ti grader, men heldigvis var det vindstille. Det vart nok kaldt for både tær og fingrar, men det såg ikkje ut til å legge nokon dempar på aktiviteten. Klubbhuset var ope slik at deg gjekk an å gå inn for å […]


Det var sjefen vi tok….!

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. januar 2016

I april gjorde SNO uttak av ein skadejerv i nærleiken av Todalen. No har dei fått analysert alle Dna-spor som er henta inn i form av skit, hår, vev etc og da viser det seg at dei har samla prøvar frå eit vidt område for denne jerven som har følgjande identitet i SNOs ruller: JI403047, Ind 3521. På kartet kan du sjå kvar dna-spora er registrert.


T.I.L.: Inviterer til norgesmeisterskap i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. januar 2016

13. og 14. februar inviterer Todalen idrettslag og Norges Skiforbund til NM i Randonee i Todalen. Da ventar vi heile norgeseliten til Todalen for å delta, seier rennleiar Nils Ove Bruset, som fortel at arrangementet skal gå i Dalalia ved Kårvatn. Det er lite som minner om skirenn i Dalalia i dag, men vi har god tru på at det skal bli nok snø i løpet dei komande 5 vekene, seier Bruset. Laurdag er det NM individuelt for alle klassar, medan det søndag blir randoneecup vertikal. No er program og invitasjon klar….


Strikkar for å halde varmen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. januar 2016

Laurdag var det første strikkekafè i Sanitetshuset på nyåret. Sjølv om det var 15 kalde på gradstokken ute, var det godt og varmt i møterommet i Sanitetshuset, og strikkepinnane gikk jamnt og trutt attåt praten rundt borda. Sidan i fjorhaust har det våre omtanken for flyktningane som har vore drivkrafta for sanitetsdamene i Todalen. Rett […]


Årsbeste på gradstokken i komande døgn?

Jon Olav Ørsal Fredag 8. januar 2016

I skrivande stund er det 13,9 kuldegrader ute, og det ligg nok godt tilrette for at det kan bli enda kaldare i løpet av natta. Yr.no melder 10 kuldegrader for Todalen, både i natt og utover laurdagen. Så skal det bli litt mildare utover søndagen, men det er faktisk meld kaldvêr heile den komande 10-dagersperioden. Kl 20 i kveld var det -14,7 på gradstokken oppå Storfossen, medan det i Innerdalen er -16,6 grader – og det er sikkert andre plassar det er betydeleg kaldare i distriktet vårt?


Gullande reint!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. januar 2016

Onsdag kveld var det rundtvask på Hett og svett. Det var trimgruppa som stod for rundtvasken, – alle apparata og mattene vart vaska, likeså tak, vegger og golv. Vindua vart fint pussa. Dette var arbeid som trongst, men i løpet av kvelden vart det altså gullande reint!


Sjakk igjen søndag kveld….

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. januar 2016

Søndag kveld kl 19.30 startar sjakken på att etter juleferien i Kaffekroken. Sjakkgjengen satsar på annakvar søndagskveld også i det nye året, fortel pressetalsmann Trygve Halle. Han fortel at det er viktig å møte opp komande søndagskveld slik at ein får diskutert om det er interesse for å arrangere turnering utover vinteren og våren.


Hett & svett: Stengt for rundtvask

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. januar 2016

Onsdag kveld – 6. januar – held treningssentret Hett & Svett stengt for rundtvask frå kl 18.30 og utover kvelden, melder TILs trimgruppe. Dei reknar med å bli ferdige til rundt kl 20, så etterpå blir det ope for trening igjen. – Hett & Svett held til i bygget som tidlegare var bruka til postkontor ved sida av Matkroken Todalen.


Ikkje nyttår utan …

Steinar Hasselø Måndag 4. januar 2016

TrondheimSolistene kjem til Surnadal kulturhus på fredag kl. 19 for å feire nok eit nyttår saman med nordmøringane. Kammerorkesteret har gjesta kulturhuset på Skei tolv gonger før og den årlege nyttårskonserten har vorte ein kjær tradisjon for mange på indre Nordmøre.


Snøproduksjon i gang i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 3. januar 2016

Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.