Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bruk stemmeretten din!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. april 2016

Måndag 25. april skal det gjennomførast rådgjevande folkeavstemming om kommunereformen i Surnadal kommune. I Todalen skjer det i Todalen skule, der vallokalet er ope frå 14.00 til 20.00 og fungerer tilsvarande som ved kommunestyre- og fylkestingvalet sist haust. I kulturhuset er det også muleg å avgi stemme søndag 24. april i tidsrommet mellom kl 17.00 til 20.00.

Den rådsgjevande folkeavstemminga har to alternativ på stemmesetelen, der du avgjer kva for alternativ du vil vil stemme på ved å sette eit kryss.

Stemmesetelen:
Du har 2 alternativ å stemme på:

  • Surnadal, Rindal og Halsa etablerer ein ny kommune
  • Surnadal fortsett som eigen kommune med dagens grenser

Sett kryss for altenativetdu stemmer på, og putt stemmesetelen i urna etter at du har fått stempel på setelen.

Måndag er det altså folkeavstemming  i alle dei 6 kretsane i Surnadal kommune i tidsrommet 14.00 – 20.00:

Mo:  Mo skule
Nedre Surnadal: Surnadal kulturhus
Bæverfjord: Bæverfjord skule
Bøfjorden: Bøfjorden grendahus
Stangvik: Stangvik skule
Todalen: Todalen skule

Her finn du meir inforasjon om den rådgjevande folkeavstemminga i Surnadal kommune.

Bruk stemmeretten din!

 

Publisert: 24. april 2016, 09:52