Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkafé med opera i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2016

Den tradisjonelle vårsongfesten i Bøfjorden Grendahus på 1. mai byr på program med stor spennvidde. Opera, allsong, kor, lokalhistorisk kongefest og kaffehygge fyller ettermiddagen. Sopranane Marit Nielsen og Sigrid Vetleseter Bøe og bassen Erik Rosenius strør rundt seg med smakfulle saker frå operasongens konfekteske. Med Hedda Hansen Berg ved klaveret kjem også tonefølgjet på sølvfat. Og da handlar det om kjærlighet og hat, om blomster og vemod. Artistane spanderer kremtoppar frå «Rigoletto», «Candide», «Bortførelsen», «Askepott», «La Bohéme», «Show Boat» og vidare – kvar for seg og i lag. Og salen får godsakene så å seie «i fanget»!

Erik Rosenius blar forresten litt i gode, gamle «Sangboken» og syng «Var jag går, i skogar, berg och dalar» av sin berømte slektning frå 1800-talet, predikanten Carl-Olof Rosenius.

VaaRSONGFEST Plakat

Kongeleg på scena
Også kora frå Todalen og Åsskard entrar scena. Til musikk frå Bachs «Bondekantate» hyller dei kong Christian den 5., som i 1685 drog gjennom Surnadalen og budde på Røv. Kongetavlene der og i Mo-kyrkja fortel om besøket, og Bernt Bøe har forma desse tekstene til ein liten libretto. Med kostymer i barokkstil får vi ein lokalhistorisk mini-opera av Bach i festhumør. (Hans operaer er jo dei beste som aldri vart skrivne, er det sagt.) Med kor, solistar, klaver og fløyte (Marthe Belsvik Stavrum) kan dette bli ei heilt spesiell oppleving av surnadalsk gammeltid. Som konge stiller John Nonnon Heggem – i full silkemundur.

Allsong og kaffekos
Oddmund Solem kjem med trekkspelet, spelar solo og til allsongen – som alltid har god plass på vårsongfesten. Åsskard Bygdekvinnelag syter for kaffe og godsaker. Inngang er gratis. Men gjennom utlodninga kan ein støtte kulturlivet i bygda, som altså byr på ytringar for ein kvar smak!

Publisert: 26. april 2016, 19:30